Landbruksforvaltningssamling for kommunane

Dato:
13. oktober 2015 09:00 - 14. oktober 2015 15:30
Stad:
Quality hotel Alexandra, Molde
Arrangør:
Landbruksavdelinga , Fylkesmannen i Møre og Romsdal
Målgruppe:
Landbruksforvaltninga i kommunane i Møre og Romsdal

Fylkesmannen i Møre og Romsdal vil invitere sakshandsamarar i kommunane som arbeider med tilskot i landbruket til samling i Molde 13. -14. oktober på Quality hotel Alexandra.

Publisert 01.10.2015 av Administrator

På denne samlinga vil vi gå litt i djupna på eit utval av tema frå tilskotsforvaltninga, og håper å få til både informasjon, dialog og diskusjonar.

Fylkesmannen dekker kost og opphald for dei kommunetilsette. Håpar flest mogleg vil ta seg tida til å delta. I tillegg til fagleg påfyll og diskusjonar, kan vi freiste med god middag og lett underhaldning!

Påmeldings frist innan 5.oktober 2015. Spørsmål om påmeldinga kan rettast på epost fmmrkurs@fylkesmannen.no eller på telefon 71 25 8409 og 71 25 85 05.

Stadfesting: Når du har meldt deg på vil du motta ei stadfesting på eposten din. Sjekk at du har motteke den etter "sendt påmelding". Informasjonen i denne eposten skal brukast dersom ein kontaktar fylkesmannen for spørsmål og avklaringar.