Kurs for omsorgsberedskapgrupper/kriseteam

Dato:
12. mars 2013 09:00 - 13. mars 2013 15:30
Stad:
Rica Parken hotel i Ålesund
Arrangør:
Fylkesmannen i Møre og Romsdal
Målgruppe:
Omsorgsberedskapsgruppe/kristeteama i kommunane Ulstein,Hareid,Sula,Giske,ÅLseund,Skodje,Haram og Sandøy

Fylkesmannen viser til førebels informasjon gitt i brev av 15. mars 2012, og vi inviterer no dei siste åtte kommunane til kurs for omsorgsberedskapsgrupper/psykososiale kriseteam. Kurset går tysdag 12. og onsdag 13. mars på Rica Parken Hotel i Ålesund

Publisert 05.02.2013

Kursopplegg og innhald: Senter for krisepsykologi i Bergen står for det faglege innhaldet. Kurset er å rekne som eit grunnkurs i omsorgsberedskap og tek opp både formelle sider rundt organisering og praktiske problemstillingar som ein møter i arbeidet. Programskisse er sett inn på neste side

Målgruppe: Hovudmålgruppa er medlemmene i dei kommunale omsorgsberedskapsgruppene/kriseteama, nøkkelpersonar i dei ordinære helse og omsorgstenestene og kommunen si kriseleiing Særleg den første kursdagen er det ønskjeleg at medlemmer frå kriseleiinga deltek. Mange har spurt om kor mange kvar kommune kan sende. Av reint praktiske omsyn, og for at «klassen» ikkje skal bli for stor, meiner vi at grensa bør vere om lag 10 frå kvar kommune.

Frist for påmelding: 5. mars 2013.

Den elektroniske påmeldinga er stengt. For etterpåmelding kan dere henvende dere direkte til Ketil Matvik Foldal på epost. Spørsmål om programmet eller opplegget kan elles rettast til Ketil Matvik Foldal på telefon 71 25 84 83 eller epost ketil.matvik.foldal@fylkesmannen.no

Dato:
12. mars 2013 09:00 - 13. mars 2013 15:30
Stad:
Rica Parken hotel i Ålesund
Arrangør:
Fylkesmannen i Møre og Romsdal
Målgruppe:
Omsorgsberedskapsgruppe/kristeteama i kommunane Ulstein,Hareid,Sula,Giske,ÅLseund,Skodje,Haram og Sandøy