KURS FOR FASTE VERJER

Dato:
17. mars 2015 17:00 - 20:00
Stad:
Molde 17.mars kl.17.00 - 20.00
Arrangør:
Fylkesmannen i Møre og Romsdal
Målgruppe:
FASTE VERJER

Fylkesmannen i Møre og Romsdal vil halde kurs for faste verjer i fylket. Kurset vert halde i både Ålesund og Molde.

Publisert 06.02.2015

Du melder deg på der det passar best: Scandic Parken Hotel (Rica Parken) i Ålesund den 5.mars 2015 kl. 17.00-20.00. Denne dato en stoppet. Etterpåmelding kun på telefon og epost

Denne dato kan fortsatt meldes på : Quality Hotel Alexandra i Molde den 17. mars 2015 kl. 17.00-20.00.

Fylkesmannen har ei opplæringsplikt for oppnemnde verjer. I opplæringsplikta ligg at fylkesmannen, i tillegg til å vere tilsynsorgan for verjene, har ansvaret for at verjene vert gjeve dei nødvendige «verktøy» for å utføre oppdraga på ein forsvarleg måte.

 Tema på kurset vil mellom anna vere:

-          Verjerolla og samtykkekompetanse

-          Rettar for psykisk utviklingshemma, med vekt på økonomi

-          Kort om rekneskapsinnlevering

I tillegg vert det utlevert case og praktiske problemstillingar til diskusjon i grupper og i  plenum

Fylkesmannen vonar at du kan ta deg tid til å delta på kurset.Kurset vil vare i omlag 3 timar med innlagte pausar. Det vert servering av varm mat.

Påmelding : Bindande påmelding innan 9. mars 2015 . Påmeldingsskjema ligg lengre nede på sida som du fyller ut. Har du spørsmål om påmeldingsskjema kan du ta kontakt per e-post til: fmmrkurs@fylkesmannen.no eller 71 25 84 09 / 71 25 85 05

Dato:
17. mars 2015 17:00 - 20:00
Stad:
Molde 17.mars kl.17.00 - 20.00
Arrangør:
Fylkesmannen i Møre og Romsdal
Målgruppe:
FASTE VERJER