Kurs for alle verjer i Møre og Romsdal 27. oktober 2016

Dato:
27. oktober 2016 17:00 - 19:00
Stad:
Bjørnsonhuset, Scandic Seilet hotell i Molde
Arrangør:
Fylkesmannen i Møre og Romsdal
Målgruppe:
Alminnelege og faste verjer i Møre og Romsdal

Invitasjon til kurs for alle verjer i Møre og Romsdal

Publisert 07.09.2016

Fylkesmannen i Møre og Romsdal vil halde kurs for alle verjer i fylket.  Kurset vert denne gongen arrangert i Molde.

Tid: 27. oktober 2016 kl 17.00 - 19.00

Stad: Bjørnsonhuset, Scandic Seilet hotell, Molde.

Førebels program for dagen:

  • 17.00-17.10 Velkomen
  • 17.10-17.35 Verjerollen
  • 17.35-17.50 Fylkesmannens rolle
  • 17.50-18.00 Kvardagen som fast verje
  • 18.00-18.15 Beinstrekk
  • 18.15-18.40 Dei økonomiske sidene ved eit verjemål
  • 18.40-18.55 Verjegodtgjering
  • 18.55-19.00 Vel heim

Til orientering så blir kurset filma.  Filmen blir  gjort tilgjengeleg på fylkesmannen sine nettsider, og vil såleis være eit alternativ til oppmøte.

Økonomi:  Kurset er gratis.

Påmelding:  Det er elektronisk bindande påmelding innan 20. oktober 2016 (NY UTVIDA FRIST) Det vert ikkje tatt imot påmeldingar etter denne fristen.  Påmeldingsskjema finn du lenger ned på denne sida. 

Dersom du ikkje kan melde deg på via våre nettsider, så ber vi om at du sender ein epost til fmmrkurs@fylkesmannen.no.

Viss du ikkje får meldt deg på via våre nettsider eller epost, ta kontakt per telefon 71 25 84 30.

Dato:
27. oktober 2016 17:00 - 19:00
Stad:
Bjørnsonhuset, Scandic Seilet hotell i Molde
Arrangør:
Fylkesmannen i Møre og Romsdal
Målgruppe:
Alminnelege og faste verjer i Møre og Romsdal