Konferanse om matkultur og reiseliv

Dato:
20. august 2013 10:30 - 23:30
Stad:
Ålesund
Arrangør:
Den norske matfestivalen, fylkesmannen, Innovasjon Norge, Destinasjon Ålesund og Sunnmøre og Mat langs nasjonale turistveger
Målgruppe:
Reiselivsbransjen, lokalmatprodusentar, offentleg forvaltning, men open for alle

Reiselivsbransjen ønskjer å bruke meir lokal mat og å framheve norsk matkultur. Men korleis greie dette i praksis? Den Norske Matfestivalen i Ålesund og samarbeidspartar inviterer til ein matnyttig og smakfull konferanse om matkultur og reiseliv tysdag 20. august 2013, dagen før opninga av årets matfestival.

Publisert 17.07.2013

Bakgrunnen for konferansen er eit ønskje om å få meir fokus på samanhengen mellom ein levande matkultur og næringsutvikling innan lokal matforedling, landbruk og reiseliv. Fleire og fleire har fått opp augo for kor viktig det er å halde norsk matkultur i hevd og kva det betyr for lokal  identitet.

På konferansen vert det samla aktørar som arbeider med produksjon, foredling, logistikk, marknadsføring og kvalitetssikring av lokal mat. Ei viktig målgruppe for konferansen er dei som jobbar med konseptutvikling basert på matopplevingar og matkultur. Av innleiarane kan nemnast Harald Osa frå Bama sitt matkulturprosjekt, Siv Holmeide frå «Den Glade Ku» på Tingvoll, Tor Valdvik frå Norsk Smaksskule/Norsk kulturarv og Bodil Fjellestad Eikrem frå Gloppen Hotell. Sistnemnde er også årets Bondelagskokk.

Sjå program for meir informasjon.

Påmelding til Erling Østrem, erling@matfestivalen.no

 

Dato:
20. august 2013 10:30 - 23:30
Stad:
Ålesund
Arrangør:
Den norske matfestivalen, fylkesmannen, Innovasjon Norge, Destinasjon Ålesund og Sunnmøre og Mat langs nasjonale turistveger
Målgruppe:
Reiselivsbransjen, lokalmatprodusentar, offentleg forvaltning, men open for alle