Kompetanseløftet 2020

Dato:
4. februar 2016 09:00 - 16:00
Stad:
Quality hotel Alexandra, Molde
Arrangør:
Fylkesmannen i Møre og Romsdal
Målgruppe:
Kommunane i Møre og Romsdal

Fylkesmannen inviterar til møte om Kompetanseløftet 2020.

Publisert 18.12.2015

 Tid: 4.februar 2016 - Stad: Quality Hotel Alexandra, Molde

Vi viser til St.meld.nr.29 - Morgondagens omsorg og Omsorg 2020 som presiserer kor viktig det er med ei fagleg sterk helse- og omsorgsteneste med riktig kompetanse. For å sikre dette vil regjeringa lage ein plan for kompetanseheving gjennom Kompetanseløftet 2020.

Det blei etablert eit nasjonalt kompetanse- og innovasjonstilskot for kommunane frå 2015. Føremålet med dette tilskotet er å forenkle tilskotsforvaltninga, samstundes gjere tilskota meir oversiktlege, robuste og fleksible i tråd med kommunane sine behov. På møtet vil vi ha erfaringsdeling og diskusjon om dette.

Kommunane har kvart år i planperioden rapportert om resultat- og plantal for utdanning av tilsette i omsorgssektoren via fylkesmannen til Helsedirektoratet innan 1. februar. Dato for rapportering i 2016 er ikkje klar enno.

Møtet vil vare frå kl. 10.00 til 15.00 og det blir servert lunsj.

Påmelding innan 22. januar 2016 på skjema under. Spørsmål om påmeldinga kan rettast til epost fmmrkurs@fylkesmannen.no eller på telefon 71 25 84 09 eller 71 25 85 05

Stadfesting: Sjekk at du har fylt ut alle felt før du sender påmeldinga.  Du vil automatisk motta ei stadfesting på din epost når påmeldinga er gjort. Denne stadfestinga skal nyttast ved kontakt hit ang.påmeldinga di.

Dato:
4. februar 2016 09:00 - 16:00
Stad:
Quality hotel Alexandra, Molde
Arrangør:
Fylkesmannen i Møre og Romsdal
Målgruppe:
Kommunane i Møre og Romsdal