Kommunereforma 11 november og kommunal beredskap og krisehandtering 12 november

Dato:
11. november 2015 14:30 - 12. november 2015 15:15
Stad:
Quality hotell Alexandra i Molde
Arrangør:
Fylkesmannen i Møre og Romsdal ved Justis-og beredskapsavdelinga
Målgruppe:
Ordførarar, varaordførarar, rådmann og beredskapskontakter

Fylkesmannen i Møre og Romsdal inviterer med dette til samling om kommunereforma 11.november  frå kl.14.30 - 18.30 og Kommunal beredskap og krisehandtering 12.november frå kl. 08.30 - 15.15, sjå vedlegg.

Publisert 07.10.2015

Kommunereforma:

Det har nettopp vore kommuneval, og fylkesmannen ynskjer med dette å invitere til samling om kommunereforma for å overføre kunnskap, særleg til dei nye politikarane.

Målgruppa er nyvalde og attvalde ordførarar, varaordførarar . Rådmannen er også ein viktig medspelar i arbeidet med kommunereforma – difor inviterast også rådmenn til samlinga. Les meir om det i dei vedlagte invitasjonsbrev.

Kommunal beredskap og krisehandtering:

Den 12.november inviterer vi til eit fagseminar om kommunal beredskap og krisehandtering. Målgruppa er nyvalde og attvalde ordførarar, varaordførarar, rådmann og beredskapskontakten.

Om samlingane:

• Samlingane er lagt til Quality hotell Alexandra i Molde.
• Samlinga den 11. nov. med middag og overnatting er gratis.
• Samlinga den 12.nov. har ein eigendel på 900 kr. Faktura blir sendt frå Fylkesmannen
• NY! Påmeldingsfrist innan 27. okt. 2015 for begge samlingane.
• Sjå vedlagt program for meir informasjon

Da fylkesmannen inviterer til samlingar med delvis overlappande målgruppe to påfølgande dagar, vil vi dekke kostander for middag og overnatting mellom arrangementa for dei som deltek begge dagar.

 

Spørsmål om påmeldingsskjema - ta kontakt på e -post til: fmmrkurs@fylkesmannen.no eller på telefon 71 25 84 09 / 71 25 85 05.

Spørsmål om Kommunereformsamlinga - ta kontakt med prosjektleiar Vigdis Rotlid Vestad, e -post: fmmrvive@fylkesmannen.no eller på mobil: 99 15 85 49

Spørsmål om programmet og opplegget om kommunal beredskap og krisehandtering kan rettast til Stine Sætre på telefon 71 25 84 85 eller epost stine.saetre@fylkesmannen.no  

Stadfesting: Du mottek ein epost direkte etter sendt påmelding, sjekk at du har skrevet inn alt.