Kommunereforma - kontaktpersonsamling og Tenketanken

Dato:
30. april 2015 09:00 - 16:00
Stad:
Quality hotel Alexandra i Molde
Arrangør:
Fylkesmannen i Møre og Romsdal, Møreog Romsdal Fylkeskommune og KS
Målgruppe:
Tenketanken og kontaktpersonar for kommunereforma

Fylkesmannen inviterer med dette til Kontaktpersonsamling og Tenketank for kommunereforma på same dag.

Publisert 18.03.2015

Kontaktpersonsamlinga og Tenketanken vil ha same program frå starten av dagen, der statsråd Jan Tore Sanner vil vere saman med oss i drøftinga kring kommunereforma og vegen vidare.

KONTAKTPERSONSAMLINGA : Målgruppa for denne samlinga er kontaktpersonar for kommunereforma. I tillegg kan kontaktpersonen ta med seg ein person som er tett knytt til arbeidet med kommunereforma. Etter lunsj vil Håvard Moe frå KS gje kommunane eit verkty som kan brukast i det vidare arbeidet med kommunereforma. Både KS og Møre og Romsdal fylke samarbeider med Fylkesmannen om denne samlinga.

TENKETANKEN: Her inviterast dei faste medlemmane av Tenketanken. Statsråd Jan Tore Sanner vil saman med Tenketanken sine medlemmar bruke slutten av tida si til å drøfte ulike utfordringar og problemstillingar i arbeidet med kommunereforma vidare.

Samlingane er gratis.

Påmelding innan 20. april 2015. Påmelding gjer du her på skjemaet som ligger lengre nede på sida til begge samlingane. Har de spørsmål om påmeldingsskjema kan du ta kontakt på epost til: fmmrkurs@fylkesmannen.no eller på telefon 71 25 84 09 / 71 25 85 05.

Dato:
30. april 2015 09:00 - 16:00
Stad:
Quality hotel Alexandra i Molde
Arrangør:
Fylkesmannen i Møre og Romsdal, Møreog Romsdal Fylkeskommune og KS
Målgruppe:
Tenketanken og kontaktpersonar for kommunereforma