Kommunale beredskapsmedarbeidarar 30.-31. mai

Dato:
30. mai 2016 11:00 - 31. mai 2016 13:00
Stad:
Håholmen Havstuer i Averøy
Arrangør:
Fylkesmannen i Møre og Romsdal , justis og beredskapavd.
Målgruppe:
Kommunale beredskapmedarbeidarar

Fylkesmannen i Møre og Romsdal inviterer til årleg fagsamling for kommunale beredskapsmedarbeidarar.

Publisert 03.03.2016

Stad: Håholmen Havstuer i Averøy

Tid: 30.-31.mai 2016

Vi har lagt opp til erfaringsdeling og relativt romsleg med tid slik at det er plass til å ta inn eit tema eller to til, andre dagen – dersom nokon har gode forslag eller erfaringar ein vil dele. Uansett kan vi garantere eit par dagar med passelege mengder fagleg påfyll, inspirasjon og nettverksbygging – i flotte, nordmørske omgjevnader.

Vi møtest klokka 11.00 ved Håholmen gjestehamn på Geitøya for felles båttransport over til Håholmen.

Kostnad: Fylkesmannen dekkjer ein del av kostandane, men det blir også fakturert ein eigendel på inntil kr 2.000. Denne kan bli lågare, men neppe mykje under kr 1.500,-.

Av plassomsyn kan vi garantere sengeplass til ein deltakar frå kvar kommune. Fleire deltakarar er velkomne så langt det er plass. Førstemann til mølla.

Påmelding:  Det er elektonisk bindande påmelding med påmeldingsfrist 20. mai 2016 (NY FRIST!). Påmeldingsskjema finn du lenger ned på sida.  Spørsmål knytt til påmeldinga di kan rettast på epost til fmmrkurs@fylkesmannen.no eller på telefon 71 25 85 05.

Stadfesting:  Du vil automatisk motta ei stadfesting på din epost når påmeldinga er gjort.  Denne stadfestinga skal nyttast ved kontakt hit ang. påmeldinga di.  Om du ikkje mottek slik stadfesting, er du ikkje registrert som deltakar.  Sjekk om du har fylt ut alle felt.