Kommunale beredskapsmedarbeidarar 3.-4. juni 2015

Dato:
3. juni 2015 11:30 - 4. juni 2015 13:00
Stad:
Angvik Gamle Handelssted
Arrangør:
Fylkesmannen i Møre og Romsdal
Målgruppe:
Kommunale beredskapsmedarbeidarar

Fagsamling for kommunale beredskapsmedarbeidarar.

Publisert 22.04.2015

Fylkesmannen i Møre og Romsdal inviterer til årleg fagsamling for kommunale beredskapsmedarbeidarar.

Tid:  3. - 4. juni 2015

Stad:  Angvik Gamle Handelssted

Hovudtemaet i år blir krisekommunikasjon og informasjonsberedskap.  Andre aktuelle tema går fram av programmet.  Vi har framleis plass til å ta inn eit tema eller to til, andre dagen - dersom nokon har gode forslag eller erfaringar ein vil dele.  Uansett kan vi garantere eit par dagar med passelege mengder fagleg påfyll, inspirasjon og nettverksbygging.

Kostnad:  Fylkesmannen dekkjer ein del av kostnadane, men det blir fakturert ein eigendel på inntil kr 2000,-  Den kan bli lågare, men neppe mykje under kr 1500,- 

Av plassomsyn kan vi garantere sengeplass til ein deltakar frå kvar kommune.  Fleire deltakarar er velkomne så langt det er plass.  Først til mølla.

Påmelding:  Det er bindande påmelding innan fristen 26. mai 2015.  Påmeldingsskjema finn du lenger ned på denne sida.  Har du spørsmål kring skjemaet, kan dei rettast på epost til fmmrkurs@fylkesmannen.no eller på telefon 71 25 84 09 / 71 25 85 05.

Dato:
3. juni 2015 11:30 - 4. juni 2015 13:00
Stad:
Angvik Gamle Handelssted
Arrangør:
Fylkesmannen i Møre og Romsdal
Målgruppe:
Kommunale beredskapsmedarbeidarar