Klimaplankonferanse - november 2012

Dato:
14. november 2012 09:30 - 15. november 2012 15:00
Stad:
Molde
Arrangør:
Fylkesmannen i Møre og Romsdal, Møre og Romsdal fylkeskommune og KS
Målgruppe:
Kommunar , fylkeskommunar og private
Fylkesmannen i Møre og Romsdal og Møre og Romsdal fylkeskommune har hatt regional konferanse om klima- og energiplanlegging i Molde 14. - 15. november 2012. Det er no lagt ut presentasjonar frå konferansa. Du kan sjå presentasjonane under relaterte dokument til høgre på sida.
Publisert 22.11.2012
Alle kommunar i Møre og Romsdal har no utarbeidd kommunale klima- og energiplanar. Kva inneheld alle desse planane? Og korleis blir dei bruka av kommunane og regionale etatar? Korleis bør neste generasjons klima- og energiplanar sjå ut, og når kjem desse? Fleire kommunar delte sine erfaringar, og vi fekk høyre om nasjonale forventningar etter siste stortingsmelding om norsk klimapolitikk. Fylkeskommunen orienteret om Regional energi- og klimaplan, som skal reviderast.i løpet av 2013.

Konferansen vart arrangert i samarbeid med Miljøverndepartementet og Kommunesektorens organisasjon, KS.