Inspirasjons- og erfaringskonferanse - desember 2012

Dato:
6. desember 2012 10:00 - 7. desember 2012 14:30
Stad:
Molde
Arrangør:
Helse-/sosialavdelinga
Målgruppe:
Kommunar, Helse Møre og Romsdal og brukarorganisasjonar

Invitasjon til inspirasjons- og erfaringskonferanse om habilitering av barn og unge med funksjonshemming og deira familie, den 6. og 7. desember 2012 i Molde

Publisert 22.11.2012
Fylkesmannen i Møre og Romsdal arrangerer inspirasjons- og erfaringskonferanse om habilitering av barn og unge med funksjonshemming og deira familie. I konferansen vil det bli lagt særleg vekt på korleis få til koordinerte og tilpassa tenester ut frå brukar sitt behov. Konferansen arrangerast i samarbeid med Helsedirektoratet, Helse Midt-Norge RHF, Helse Møre og Romsdal HF og Norsk forbund for utviklingshemma (Nfu).

Målet er gjennom å dele erfaringar frå arbeidet med funksjonshemma barn og deira familiar å inspirere til betre, koordinerte og tilpassa tenester. Vi vil presentere erfaringar frå «Prosjekt Familieveiviseren» og andre relevante prosjekter, gje tolkingar av regelverk og bidra til betre og felles forståing av kva habilitering er og korleis vi kan legge til rette for gode tenester.

Målgruppe:
• Leiarar med ansvar for tenester til barn med spesielle behov og deira familiar
• Tilsette i kommunar og i spesialisthelsetenesta som arbeider i høve til barn med spesielle behov og deira familiar
• Brukarrepresentantar

Stad: Quality Hotel Alexandra, Molde.

Praktiske opplysningar
:
Bindande påmelding innan 22.november 2012.

Helsedirektoratet støttar konferansen økonomisk
, og vi kan difor tilby konferanse med overnatting for dei med lang reiseveg, lunsj og middag utan kostnad for deltakarane. Den enkelte må sjølv dekke utgifter til reise. Påmeldte som ikkje møter, vil etter konferansen bli kravd for kostnader jf. påmeldinga.

Den elektroniske påmeldinga er no stengt pr. 29.11.12 kl.13.45. Spørsmål om påmelding kan rettast til Kjellaug Flusund Finnøy på e-post: kjellaug.finnoy@fmmr.no  eller telefon 71 25 80 67.
Spørsmål om konferansen kan rettast til Janne Bjørsnøs på e-post: janne.bjorsnos@fmmr.no , telefon nr.:71258536 eller Sverre Veiset på e-post: sverre.veiset@fmmr.no , telefon nr.: 71258631