Grunnkurs økonomisk rådgivning

Dato:
14. mai 2013 09:30 - 15. mai 2013 14:00
Stad:
Quality hotel Alexandra, Molde
Arrangør:
Helse og sosialavdelinga
Målgruppe:
Tilsette i NAV som gir økonomisk råd og vegleiing etter § 17 i STL

ØkonomimøteInvitasjon til grunnkurs i økonomisk rådgjeving/gjeldsrådgjeving for saksbehandlarar i NAV/kommunane.

Publisert 03.12.2012

Føredragshaldarar begge dagar:Tor Waardal rådgivar ved Fylkesmannen i Hordaland og Advokatfullmektig Marte Notøy, advokatfirmaet Thor Bache-Wiig.

Arbeids og velferdsdirektoratet har gitt fylkesmannen i oppdrag å bistå kommunane med å styrke kompetansen til økonomi- og gjeldsrådgjevarar. Økonomisk rådgjeving-/gjeldsrådgjeving, jf. lov om sosiale tenester i NAV § 17 er ein del av kjerneoppgåvene til NAV og spelar ei viktig rolle som eit av fleire tiltak ovanfor den einskilde for å kunne overvinne ein vanskeleg situasjon.  

 

Praktiske opplysningar : Kurset er gratis, fylkesmannen dekker alle måltider på dei 2 dagane og overnatting for dei som har over 1 time reise kvar veg. Reisekostnader og behov for evt. ekstra overnatting dekkast av den einskilde sin arbeidsgjevar.

Påmelding innan: 15.april 2013. Den elektroniske påmeldinga er no stengt for redigering.

Spørsmål om påmeldinga kan rettast til epost: fmmrkurs@fylkesmannen.no  eller på telefon til Kjellaug Flusund Finnøy 71 25 80 67.

Dato:
14. mai 2013 09:30 - 15. mai 2013 14:00
Stad:
Quality hotel Alexandra, Molde
Arrangør:
Helse og sosialavdelinga
Målgruppe:
Tilsette i NAV som gir økonomisk råd og vegleiing etter § 17 i STL