Grunnkurs i økonomisk rådgiving/gjeldsrådgiving

Dato:
19. september 2016 10:00 - 20. september 2016 16:00
Stad:
Thon Hotel Kristiansund
Arrangør:
Helse - og sosialavdelinga
Målgruppe:
NAV - tilsette

Invitasjon til grunnkurs i  økonomisk rådgiving/gjeldsrådgiving.

Føremål og målgruppe: Arbeids og velferdsdirektoratet har gitt Fylkesmannen i oppdrag å bistå kommunane med å styrke kompetansen til økonomi- og gjeldsrådgivarar. Økonomisk rådgiving-/gjeldsrådgiving, jf. sosialtenestelova § 17, er ein del av kjerneoppgåvene til NAV og spelar ei viktig rolle som eit av fleire tiltak ovanfor den einskilde for å kunne overvinne ein vanskeleg situasjon.  

 

Publisert 08.04.2016

Kurset rettar seg primært mot vegleiarar som har økonomi-  og gjeldsrådgjevingsoppgåver etter lov om sosiale tenester § 17.

Føredragshaldarar begge dagar: Rådgivar Inger-Helen Søgnen frå Fylkesmannen i Hordaland og juridisk direktør Hanne Riksheim i Lindorff.

Praktiske opplysningar:  Kurset er gratis, Fylkesmannen dekkjer alle måltid dei 2 dagane og overnatting for dei som har over 1 time reise kvar veg. Reisekostnader og behov for evt. ekstra overnatting dekkast av den einskilde sin arbeidsgivar. Fylkesmannen i Møre og Romsdal er Miljøfyrtårn og vi oppmodar dei som har høve til det om å nytte kollektivtransport. Det er sett ei grense på maksimalt 60 deltakarar. Dersom det blir for mange påmeldte, vil fylkesmannen ta kontakt med dykk og gjere ei prioritering.

Elektronisk bindande påmelding innan 5. september 2016 kl 14.00 (NY FRIST), følg lenka under. Spørsmål om påmeldingsskjemaet kan rettast til e-post: fmmrkurs@fylkesmannen.no, tlf. 71 25 84 09 eller 71 25 85 05.

For nærare informasjon om kurset kan du ta kontakt med: Rådgivar Kjell Iversen. E-post fmmrkjiv@fylkesmannen.no tlf. 71 25 85 29.

Vedlagt er invitasjon med program for grunnkurs i økonomisk rådgiving/gjeldsrådgiving ved Thon Hotel Kristiansund 19. – 20. september 2016. Merk dykk at hotellet ligg på Innlandet og at ein kan ta Sundbåten frå Kirkelandet og over til hotellet.

Deltakarane vil få tilsendt kursmateriell på epost om lag ei veke før kurset, og dette må de skrive ut sjølv dersom de ønskjer å ha det i papirutgåve

Stadfesting: Du vil automatisk motta ei stadfesting direkte på din epost når påmeldinga er gjort. Denne stadfesina skal nyttast ved kontakt hit ang påmeldinga di. Om du ikkje mottek slik stadfesting, vert du ikkje registrert som deltakar. Husk å sjekk din epost.

Dato:
19. september 2016 10:00 - 20. september 2016 16:00
Stad:
Thon Hotel Kristiansund
Arrangør:
Helse - og sosialavdelinga
Målgruppe:
NAV - tilsette