Grunnkurs i økonomisk rådgeving - gjeldsrådgjeving

Dato:
13. mai 2014 09:30 - 14. mai 2014 13:30
Stad:
Rica Parken hotel , Ålesund
Arrangør:
Fylkesmannen i Møre og Romsdal - Helse og omsorgsavdelinga
Målgruppe:
Navtilsette i Møre og Romsdal

Invitasjon til grunnkurs i økonomisk rådgjeving/gjeldsrådgjeving for saksbehandlarar i NAV/kommunane.

Publisert 27.01.2014

Føredragshaldarar begge dagar: Rådgjevar Inger-Helene Søgnen hos Fylkesmannen i Hordaland og rådgjevar Hallvard Øren hos Fylkesmannen i Oslo/Akershus.

Det er sett ei maksimumsgrense på 60 deltakarer for kurset og vi må difor i utgangspunktet avgrense talet på deltakarar til 10 frå kvar av dei tre store bykommunane og 3 frå dei andre kommunane. I 2013 var det fleire kommunar som ikkje hadde deltakarar og fleire som berre hadde ein deltakar.

Då vi ikkje veit om kor mange som kjemr, så kan det tenkjast at vi må reduserer talet på deltakarar under den maksimumsgrensa vi har sett for kvar kommune. Men det kan også tenkjast at vi kan få plass til fleire enn maksimumsgrensa. Vi ber dykk difor om å sette opp prioritert rekkefølgje på dei påmeldte. Dersom vi må gjere endringar i påmeldinga dykkar, vil vi gi beskjed så snart som mogleg etter at fristen har gått ut.

Praktiske opplysningar  : Kurset er gratis, fylkesmannen dekker alle måltider på dei 2 dagane og overnatting for dei som har over 1 time reise kvar veg. Reisekostnader og behov for evt. ekstra overnatting dekkast av den einskilde sin arbeidsgjevar. Vi oppmodar dei som har høve til det om å ta buss.

Påmeldingsfrist innan 10.april 2014. Spørsmål om påmelding kan rettast til e-post: fmmrkurs@fylkesmannen.no. Eventuelt ta kontakt med Kjellaug Flusund Finnøy 71 25 80 67 eller vårt servicekontor 71 25 84 53

For nærare informasjon om kurset kan du ta kontakt med: Rådgjevar Kjell Iversen. E-post kjell.iversen@fylkesmannen.no tlf. 71 25 85 29.

Dato:
13. mai 2014 09:30 - 14. mai 2014 13:30
Stad:
Rica Parken hotel , Ålesund
Arrangør:
Fylkesmannen i Møre og Romsdal - Helse og omsorgsavdelinga
Målgruppe:
Navtilsette i Møre og Romsdal