Fylkesnettverket Vurdering for læring

Dato:
8. april 2016 10:30 - 15:00
Stad:
Fylkeshuset, Møterom 101
Arrangør:
Fylkesmannen i Møre og Romsdal
Målgruppe:
Alle kommunar og private skular som har delteke / er deltakarar i pulje 4, 5 og 6.

Samling i fylkesnettverket Vurdering for læring.

Publisert 11.03.2016

Fylkesmannen i Møre og Romsdal inviterer med dette til fylkesnettverkssamling for kommunar og private skular som er / har vore involvert i satsinga "Vurdering for læring" pulje 4, 5 og 6.

Tid:  Fredag 8. april klokka 10.30 - 15.00

Stad:  Fylkeshuet, Molde.  Møterom 101 (bak kantina).

Tema for samlinga:  Erfaringsdeling og kunnskapsutvikling:  "Arbeid med vurdering for læring ut frå ulike perspektiv".  Sjå vedlagte program.

Målgruppe:  Alle kommunar og private skular som har delteke / er deltakarar i pulje 4, 5 og 6 er invitert til å delta med to personar.  Desse to kan vere ein representant frå skuleeigarnivå og kommunen sin ressursperson i satsinga.  Dersom fleire ønskjer å delta på samlinga, ber vi om at de av plassomsyn tek kontakt med underteikna om dette (tlf 71 25 85 64, Lorentzen).  Det er også ønskeleg at ein representant evt fleire frå PPT møter.

Påmelding:  Det er elektronisk bindande påmelding innan 4. april.  Det nyttast elektronisk påmeldinsskjema, sjå lenger ned på denne sida.  Spørsmål om påmeldinga kan rettast på epost fmmrkurs@fylkesmannen.no eller på telefon 71 25 84 09 / 71 25 85 05.

Samlinga er gratis.

Stadfesting:  Du vil automatisk motta ei stadfesting direkte på din epost når påmeldinga er gjort.  Denne stadfestinga skal nyttast ved kontakt hit ang påmeldinga di.  Om du ikkje mottek slik stadfesting, er du ikkje registrert som deltakar.  Sjekk om du har fylt ut alle felt.

Dato:
8. april 2016 10:30 - 15:00
Stad:
Fylkeshuset, Møterom 101
Arrangør:
Fylkesmannen i Møre og Romsdal
Målgruppe:
Alle kommunar og private skular som har delteke / er deltakarar i pulje 4, 5 og 6.