Fylkesnettverket "Vurdering for læring for pulje 4.5 og 6 i Møre og Romsdal

Dato:
25. februar 2015 10:00 - 15:30
Stad:
Scandic Seilet i Molde
Arrangør:
Oppvekst og utdanning
Målgruppe:
Skuleeigarar og ressursperson frå kvar kommune, alle rektorar og PPT . Sjå spesifisering lengre nede på siden

Fylkesmannen i Møre og Romsdal inviterer med dette til utvida samling i fylkesnettet med Prof. Halvor Bjørnsrud frå Høgskolen i Buskerud og Vestfold for alle kommunane som er involvert i satsinga «Vurdering for læring» pulje 4, pulje 5, pulje 6.

 

Publisert 02.02.2015

Målgruppe: Som vanleg inviterer vi skuleeigar og ressursperson frå kvar kommune som deltek i satsinga. For private skular gjeld det same. Sidan vi denne gongen har vore så heldige å få Prof. Halvor Bjørnsrud frå Høgskolen i Buskerud og Vestfold til å snakke om skulebasert organisasjonsutvikling, opnar vi også for at alle rektorar frå deltakarkommunane kan kome på denne samlinga. Det er også ønskjeleg at ein representant evt fleire frå PPT møter.  

Ekstern støtte til ressurspersonane, Dr. Siv Mauseidvåg Gamlem, vil vere tilstade på samlinga.

Økonomi: Det er inga kursavgift. Dagpakken kr. 450,- inkludert lunsj gjer den enkelte deltaker opp med hotellet. Skal det sendes faktura må der gjerast avtale med hotellet på førehand.

Påmelding: Det er bindande påmelding innan 22.02.2015. Deltakerlista er tatt ned for redigering , spørsmål til påmeldinga eller etterpåmelding kan dei rettast på epost fmmrkurs@fylkesmannen.no eller på telefon71 25 84 09 / 71 25 85 05

Dato:
25. februar 2015 10:00 - 15:30
Stad:
Scandic Seilet i Molde
Arrangør:
Oppvekst og utdanning
Målgruppe:
Skuleeigarar og ressursperson frå kvar kommune, alle rektorar og PPT . Sjå spesifisering lengre nede på siden