Folkehelse og kommunalt rusarbeid i eit heilskapleg perspektiv

Dato:
9. januar 2013 09:00 - 10. januar 2013 15:30
Stad:
Ålesund og Kristiansund
Arrangør:
Helse og sosialavdelinga
Målgruppe:
Kommunane i Møre og Romsdal og Nav-kontor i Møre og Romsdal

Her finn du presentasjonane frå samlingane i Ålesund og Kristiansund 9. og 10. januar 2013.

Publisert 29.11.2012

Etter ei fem-årig satsing på rusfeltet vert opptrappingsplanen for rusfeltet avslutta ved utgangen av 2012. Tilskot til kommunalt rusarbeid vert avvikla og går inn som ein del av rammetilskotet til alle kommunane i landet. Midlar til kommunalt rusarbeid vil såleis gå til alle kommunar og det skjer uavhengig av om dei har motteke øyremerka tilskot tidlegare.

Opptrappingsplanen for rusfeltet er ein del av Samhandlingsreforma, som har tydeleg retning om meir satsing på helsefremjande og førebyggande arbeid, jfr Folkehelselova. Kommunalt rusarbeid skal sjåast i lys av dette. Personar med ruslidingar og andre lidingar har like rettar til tenester etter ny helse og omsorgslov. Det kommunale arbeidet innan rusomsorga skal vere ein del det heilskapleg tenestetilbod til innbyggjarane
.
KoRus og Fylkesmannen ønskjer å sette fokus på desse endringane i det kommunale rusarbeidet og arrangerer ein konferanse for politisk og administrativ leiing, einingsleiarar, kommuneoverlegar, tilsette i fagfelta rus og psykiatri, samt folkehelsekoordinatorar og tilsette i Frisklivssentralar

Dato:
9. januar 2013 09:00 - 10. januar 2013 15:30
Stad:
Ålesund og Kristiansund
Arrangør:
Helse og sosialavdelinga
Målgruppe:
Kommunane i Møre og Romsdal og Nav-kontor i Møre og Romsdal