Fjellskred- og flodbølgjeberedskap 20. januar 2016

Dato:
20. januar 2016 09:30 - 16:00
Stad:
Quality hotel Waterfront, Ålesund
Arrangør:
Fylkesmannen i Møre og Romsdal
Målgruppe:
Aktørane i fjellskredberedskapen i Møre og Romsdal

Seminar om fjellskred- og flodbølgjeberedskap 20. januar 2016

Publisert 09.12.2015

Fylkesmannen har i samarbeid med representantar frå NVE, politiet og kommunane revidert det overordna beredskapsplanverket (objektplanar) for dei tre overvaka fjellskredobjekta i fylket: Åkneset, Hegguraksla og Mannen.

For å informere og involvere alle aktørane i berdskapen knytt til desse skredobjekta inviterer vi til eit seminar i Ålesund:

Tid:  20. januar 2016 kl 09.30 - 15.00

Stad:  Quality Hotel Waterfront i Ålesund

Målgruppe:  Representantar frå aktørane si kriseleiing og beredskapsmedarbeidarar.  Kvar aktør kan stille med 2-3 representantar.

Kostnad:  Fylkesmannen dekkjer kostnaden for dagpakken på hotellet for inntil 2 representantar frå kvar aktør.  Om aktørar har med fleire enn 2 representantar, må den ekstra kostnaden dekkast av dei aktuelle aktørane, kr 525,- per ekstra deltakar.   Denne ekstrakostnaden skal dei aktuelle gjere opp direkte med hotellet på kursdagen! 

NY PÅMELDINGSFRIST:  Det er bindande påmelding seinast 11. januar 2016.  Påmeldinga gjerast elektronisk, sjå lenger ned på denne sida.  

Spørsmål om påmeldinga rettast på fmmrkurs@fylkesmannen.no eller på telefon 71 25 84 09 / 71 25 85 05.

Faglege spørsmål og innspel til programmet kan rettast til Stine Sætre på stine.saetre@fylkesmannen.no eller på telefon 71 25 84 85.

Stadfesting:  Du vil automatisk motta ei stadfesting på din epost når påmeldinga er gjort.  Denne stadfestinga skal nyttast ved kontakt hit ang påmeldinga di.

Dato:
20. januar 2016 09:30 - 16:00
Stad:
Quality hotel Waterfront, Ålesund
Arrangør:
Fylkesmannen i Møre og Romsdal
Målgruppe:
Aktørane i fjellskredberedskapen i Møre og Romsdal