Feltkurs i vurdering av markslag AR5 - frå terreng til manuskart

Dato:
28. mai 2014 10:00 - 15:30
Stad:
Avhengig av kav kommunar som melder seg på
Arrangør:
Landbruksavdelinga
Målgruppe:
Kommunane i Møre og Romsdal

Fylkesmannen inviterer til kurs i klassifisering av markslag.

Publisert 25.04.2014

Markslagskurset har vore eit årleg tilbod i mange år, men framover vil kurset bli halde om lag kvart 3. år. Derfor er det ekstra viktig å bli med, siden det er lenge til neste gong.

Vi sender invitasjonen til alle kommunane i Møre og Romsdal. Aktuelle deltakarar frå kommunen er saksbehandlarar på landbruk og teknisk/oppmåling. For den som jobbar med tilskotsforvaltning er dette kurset viktig for å opprettholde eit ajourført Gårdskart. Det kan vere fleire av dykk som ser seg tent med ein introduksjon til temaet, sidan fleire kommunar har hatt skifte i personell og/eller fordi dei rett og slett ønskjer ein ny gjennomgang.

Institutt for Skog og Landskap står for det faglege innhaldet. Kurset startar med ei innføring av klassifiseringssystemet. For meir info sjå: http://www.skoglandskap.no/kurs/ar5_feltkurs 

Feltkurset krev gode klede og fottøy. Fylkesmannen ordnar med lunsj, medan kommunane betaler reisa sjølve.

Elektronisk påmelding må skje innan onsdag 21. mai .Den elektroniske påmeldinga er no stengt.  Spørsmål kan rettast til Arnold Hoddevik, på tlf. 71258154 eller epost arnold.hoddevik@fylkesmannen.no

 

 

Dato:
28. mai 2014 10:00 - 15:30
Stad:
Avhengig av kav kommunar som melder seg på
Arrangør:
Landbruksavdelinga
Målgruppe:
Kommunane i Møre og Romsdal