Faste verjer oktober 2015

Dato:
27. oktober 2015 09:00 - 16:00
Stad:
Quality Hotel Alexandra i Molde
Arrangør:
Fylkesmannen i Møre og Romsdal ved Justis- og beredskapavdelinga
Målgruppe:
Faste verjer

Fylkesmannen i Møre og Romsdal vil halde kurs for faste verjer i fylket.

Publisert 06.10.2015 av Administrator

Fylkesmannen har ei opplæringsplikt for oppnemnde verjer. I opplæringsplikta ligg at fylkesmannen, i tillegg til å vere tilsynsorgan for verjene, har ansvaret for at verjene vert gjeve dei nødvendige «verktøy» for å utføre oppdraga på ein forsvarleg måte.

Tema på kurset vil mellom anna vere:

-  Kommunikasjon – blant anne «Hvordan kommunisere på en god måte» frå Konfliktrådet i Nordmøre og Romsdal

-  Innføring i demens – ein kvardag med demens, med innlegg frå alderspsykiatrisk avdeling ved Molde sjukehus, avd. Hjelset

I tillegg vert det tid til diskusjonar og spørsmål  

Fylkesmannen vonar at du kan ta deg tid til å delta på kurset.Kurset vil denne gongen være eit dagsseminar etter ynskje om dette frå kursa i vår. Det vert servert lunsj og kaffe/te undervegs.

Påmelding : Har du spørsmål om påmeldingsskjema kan du ta kontakt per e-post til: fmmrkurs@fylkesmannen.no eller 71 25 84 09 / 71 25 85 05

Bindande påmelding innan 22.oktober 2015

Dato:
27. oktober 2015 09:00 - 16:00
Stad:
Quality Hotel Alexandra i Molde
Arrangør:
Fylkesmannen i Møre og Romsdal ved Justis- og beredskapavdelinga
Målgruppe:
Faste verjer