Fagsamling tilskotsforvaltning

Dato:
12. august 2015 10:00 - 15:30
Stad:
Quality hotel Alexandra, Molde
Arrangør:
Fylkesmannen i Møre og Romsdal, landbruksavdelinga
Målgruppe:
Landbruksforvaltninga i kommunene i Møre og Romsdal

Fagsamling tilskotsforvaltning.

Publisert 02.07.2015

Det nærmar seg ein ny søknadsomgang for produksjonstilskot og RMP, og vi er i ferd med å planlegge den tradisjonelle fagsamlinga for kommunane som vi brukar å ha i august. I tillegg til nytt i regelverket omkring produksjonstilskot og RMP, vil det nye regelverket omkring landbruksregisteret vere tema på denne samlinga.

Tid:  12. august 2015

Stad:  Quality hotel Alexandra, Molde

Program for dagen vil bli sendt ut seinare. Vi reknar med å starte ca 10:30 og avslutte ca 15:30, men desse klokkesletta er førebels berre omtrentlege.

Dersom nokon av dykk har spesielle tema eller spørsmål som de gjerne vil at vi skal gå gjennom, er vi takknemlege for innspel.

Økonomi:  Det er inga deltakaravgift for samlinga. 

Påmelding:  Det er bindande elektronisk påmelding innan 31. juli 2015.    Påmeldingsskjema finn du lenger ned på denne sida.  Har du spørsmål knytt til påmeldinga, kan du ta kontakt på epost fmmrkurs@fylkesmannen.no eller på telefon 71 25 84 73 / 71 25 85 05.

Stadfesting:  Når du har meldt deg på vil du motta ei stadfesting på epost.  Informasjonen i denne eposten skal brukast dersom ein kontaktar fylkesmannen for spørsmål og avklaringar.

Dato:
12. august 2015 10:00 - 15:30
Stad:
Quality hotel Alexandra, Molde
Arrangør:
Fylkesmannen i Møre og Romsdal, landbruksavdelinga
Målgruppe:
Landbruksforvaltninga i kommunene i Møre og Romsdal