Fagdagar barnehage- og skule 7.-8. desember 2016

Dato:
7. desember 2016 10:00 - 8. desember 2016 15:30
Stad:
Quality hotel Alexandra, Molde
Arrangør:
Fylkesmannen i Møre og Romsdal
Målgruppe:
Sjå programmet for målgruppe dei aktuelle dagane

Invitasjon til fagdagar for barnehage- og skuleområdet.

Publisert 10.10.2016

Vi viser til utdanningsavdelinga sin aktivitetskalender for hausten 2016, som ligg på heimesida vår, og inviterer med dette til fagdagar for barnehage- og skuleområdet.

Tid: 7. og 8. desember 2016

Stad: Quality hotel Alexandra, Molde

Hovudtema for dag 1 blir spesialundervisning. Vi vil ta utgangspunkt i kunnskap frå SPEED-prosjektet og invitere til erfaringsutveksling og kunnskapsdeling om temaet. Vidare får vi vite meir om kva Ålesund kommune har fått ut av deltaking i prosjektet og korleis kommunen i det siste har gjort endringar i arbeidet med spesialundervisninga. SPEED-prosjektet er eit forskningsprosjekt som har gått over fleire år og som har hatt som hovudproblemstilling kva spesialundervisning handlar om og kva funksjon den har. De finn meir om prosjektet her: http://www.hivolda.no/speed .

Status for arbeidet med «Beredskapsteam mot mobbing» i fylket blir tema på slutten av dag 1.

Hovudtema for dag 2 blir spesialpedagogisk hjelp for førskolebarn. Reglane for dette er no flytta frå opplæringslova til barnehagelova og det er også gjort nokre endringar i kva retten inneber. Også andre endringar i barnehagelova vil bli belyst.

Barnevern i barnehagar blir tema på slutten av dag 2.

Økonomi:  Deltakarane må sjølv dekkje deltakinga si samt opphalds- og reiseutgifter. 

  • Dagpakke pr dag kr 475,- (for dei som ikkje bur på hotellet)
  • Deltaking begge dagar inkl overnatting i enkeltrom og alle måltid, kr 1803,- 
  • Det er mogleg for dei som deltek i dagpakke å melde seg på middagen om kvelden 7. desember, kr 395,- 

Dette skal betalast direkte til hotellet ved oppstart.  Evt tilsending av faktura må den enkelte sjølv avtale direkte med hotellet i god tid før kursstart.

Påmelding:  Det er elektronisk bindande påmelding innan 4. november 2016.  Påmeldingsskjema finn du lenger ned på denne sida.  Spørsmål knytt til påmeldinga di kan rettast på epost til fmmrkurs@fylkesmannen.no eller på telefon 71 25 85 05.

Stadfesting:  Du vil automatisk motta ei stadfesting direkte på din epost når påmeldinga er gjort.  Om du ikkje mottek slik stadfesting, er du ikkje blitt registrert som deltakar.  Sjekk om du har fylt ut alle felt.

Dato:
7. desember 2016 10:00 - 8. desember 2016 15:30
Stad:
Quality hotel Alexandra, Molde
Arrangør:
Fylkesmannen i Møre og Romsdal
Målgruppe:
Sjå programmet for målgruppe dei aktuelle dagane