Fagdag om analyse og beslutningar i barnevernets arbeid med meldingar og undersøkingar 10. november 2016

Dato:
10. november 2016 09:00 - 15:30
Stad:
Scandic Parken hotel, Ålesund
Arrangør:
Fylkesmannen i Møre og Romsdal
Målgruppe:
Tilsette i kommunale barneverntjenester med erfaring frå arbeid med meldingar og undersøkingar

Invitasjon til Fagdag om analyse og beslutningar i barnevernets arbeid med meldingar og undersøkingar.

Publisert 15.08.2016

Etter oppdrag fra Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) vil alle landets kommunar få tilbod om opplæring i analyse og beslutningar i barnevernets arbeid med meldingar og undersøkingar. Fylkesmannen i Nord-Trøndelag, Sør-Trøndelag og Møre og Romsdal inviterer i samarbeid med RKBU Midt med dette til ein fagdag om temaet. Uavhengig av framgangsmåtar og utredningsverktøy har saksbehandlarar i barnevernet ved fleire høve uttrykt behov for meir kunnskap og kompetanse, både når det gjeld vurdering av tilgjengeleg informasjon i avklaring av meldingar og ikkje minst korleis innsamla materiale i barnevernets undersøkingar kan analyserast og vurderast med sikte på best moglege avgjerder for barnet. Helsetilsynet og Riksrevisjonen har også fleire gonger peika på behovet for betre kvalitet på barnevernets undersøkingar. Fagdagen vil innehalde både forelesingar og eigenaktivitet knytt til temaet.

Målgruppe: Tilsette i kommunale barneverntjenester med erfaring frå arbeid med meldingar og undersøkingar. Kvar teneste kan stille med inntil 3 deltakarar. Større tenester kan stille med inntil 5 personar.

For barneverntenestane i Møre og Romsdal:

Tid:  10. november 2016

Stad: Scandic Parken hotel, Ålesund

Praktiske opplysningar:  Fagdagen er gratis.  Deltakarane dekkjer eigne reiseutgifter.  Ved reiseveg over to timer dekkjer Fylkesmannen overnatting frå 9.-10. november etter nærare avtale.

Påmelding:  Det er elektronisk bindande påmelding innan 20. oktober 2016.  Påmeldingsskjema finn du lenger ned på denne sida.  Spørsmål knytt til påmeldinga di kan rettast på epost til fmmrkurs@fylkesmannen.no eller på telefon 71 25 85 05.

Stadfesting:  Du vil automatisk motta ei stadfesting direkte på din epost når påmeldinga er gjort.  Om du ikkje mottek slik stadfesting, er du ikkje blitt registrert som deltakar.  Sjekk om du har fylt ut alle felt.

Dato:
10. november 2016 09:00 - 15:30
Stad:
Scandic Parken hotel, Ålesund
Arrangør:
Fylkesmannen i Møre og Romsdal
Målgruppe:
Tilsette i kommunale barneverntjenester med erfaring frå arbeid med meldingar og undersøkingar