Fagdag om psykososialt læringsmiljø

Dato:
7. mai 2015 09:30 - 16:00
Stad:
Quality hotel Alexandra i Molde
Arrangør:
Oppvekst og utdanning

Invitasjon til fagdag om psykososialt læringsmiljø på skuleområdet - Molde 7.mai 2015

Vi viser til oppvekst og utdanningsavdelinga sin aktivitetskaldender for våren 2015, som ligg ute på heimesida vår. Vi viser også til regionale møte i januar/februar, der det m.a. vart gitt informasjon om tema og dato for dagen. Samlinga denne våren blir halde på Quality hotel Alexandra i Molde.

Publisert 13.04.2015

 

Tema for fagdagen er barn og unge sitt psykososiale læringsmiljø. Elevundersøkinga viser at mange kommunar i Møre og Romsdal har utfordringar når det gjeld å gje barn og unge eit trygt og godt læringsmiljø. Fylkesmannen i Møre og Romsdal satsar derfor særskilt på dette temaet i 2015. Oppvekst og utdanningsavdelinga har oppretta eit samarbeid med Nasjonalt senter for læringsmiljø og åtferdsforsking ved Universitetet i Stavanger (UiS), til dagleg kalla Læringsmiljøsenteret. Læringsmiljøsenteret er ein sentral samarbeidspartnar for nasjonale styresmakter og ein viktig bidragsyter i arbeidet med å betre læringsmiljø for barnehagebarn, elevar, lærlingar og vaksne. Janne Støen, universitetslektor ved UiS og leiar av Læringsmiljøprosjektet,

vil halde innlegg om mekanismane i mobbing, avdekking og stopping av mobbing.

I tillegg til å legge til rette for fagleg påfyll og utvikling, vil Fylkesmannen i år rettleie og følgje opp kommunane gjennom tilsyn på kapittel 9A. Rettleiinga vil vere ein del av programmet denne dagen.

 

 

Målgruppe for fagsamlinga er skulefagleg ansvarleg i kommunane og fylkeskommunen, skuleleiarar, leiarar i PPT, samt representantar frå KS, Høgskulen i Volda, Utdanningsforbundet Møre og Romsdal og Skolelederforbundet Møre og Romsdal. Innhaldet for dagen er retta mot skuleområdet, men representantar frå barnehagesektoren er velkomen til å delta.

Kostnad: Dagpakke inkl lunsj kr 465,- gjer den enkelt deltaker opp med hotellet sjølv. For fakturering må det avtalast på førehand med hotellet. 

 

Påmelding: Bindande påmelding innan 30.april 2015. Påmelding skjer elektronisk ved å følgje linken1 under. Spørsmål om påmeldinga kan rettast til epost: fmmrkurs@fylkesmannen.no eller telefon 71 25 84 09 eller 71 25 85 05.  

 

Dato:
7. mai 2015 09:30 - 16:00
Stad:
Quality hotel Alexandra i Molde
Arrangør:
Oppvekst og utdanning