Fagsamling for barnehage- og skuleområdet oktober 2015

Dato:
14. oktober 2015 09:30 - 15. oktober 2015 15:30
Stad:
Quality hotel Alexandra i Molde
Arrangør:
Oppvekst og utdanning hos Fylkesmannen i Møre og Romsdal
Målgruppe:
Barnehage-og skulefaglege ansvarlege i kommunane, eigarer i private skular og private barnehagar

Invitasjon til fagdagar for barnehage og skule 14.10. - 15.10.2015

Mobbing og krenkande åtferd er eit hovudsatsingsområde for Fylkesmannen i Møre og Romsdal i 2015

Publisert 29.06.2015

Oppvekst og utdanningsavdelinga arrangerte i mai ein fagdag for barnehage-og skulefagleg ansvarleg i kommunane og PPT, der temaet var stopping og avdekking av mobbing. Vi ønskjer denne gongen å rette fokus mot det førebyggande arbeidet mot mobbing og krenkande åtferd.  

Prosjektet Lærande regionar har undersøkt kva som gir gode skuleresultat. På fagdagane får vi vite meir om kvifor Sogn og Fjordane har gode resultat på nasjonale prøvar.

Kommunereforma er også eit av oppfylgingsområda til Fylkesmannen. Kva for skulefagleg og barnehagefagleg kompetanse som trengs i dei nye kommunane er eit tema det er nyttig å sjå på og drøfte allereie no.

Sjå meir informasjon i invitasjonsbrevet og program som ligg til høgre på sida.

Opphaldsutgifter:

Overnatting og opphald skal den enkelte sjølv gjere opp direkte med hotellet. Likeeins må avtale om evt. fakturering takast opp med hotellet i forkant.

Dagpakke for ikkje buande: 14.10 og 15.10 kr 465,- pr. dag

  •  Middag for ikkje buande 14.10 : kr.395,-

  •  Heilpensjon i enkeltrom 14.10-15.10: inkl. alle måltid (frukost, lunsj x2 og middag 14.10) kr. 1765,- Heilpensjon i dobbeltrom 14.10-15.10 inkl. alle måltid /frukost, lunsj x2 og middag 14.10) kr.1565 ,- pr. person
  •  Overnatting med frukost i enkeltrom frå 13.10 til 14.10 kr. 950,-
  • Overnatting med frukost i dobbeltrom frå 13.10 til 14.10 kr 575,- pr. person

Påmelding: Bindande påmelding innan 25.09.2015. Spørsmål om påmeldinga kan rettast til epost: fmmrkurs@fylkesmannen.no  elller telefon 71 25 84 09 /71 25 85 05

 Stadfesting av påmelding: Når du har meldt deg på vil du motta ei stadfesting på epostadressa di. Informasjonen i denne eposten skal brukast dersom ein kontaktar fylkesmannen for spørsmål og endringar.  

Dato:
14. oktober 2015 09:30 - 15. oktober 2015 15:30
Stad:
Quality hotel Alexandra i Molde
Arrangør:
Oppvekst og utdanning hos Fylkesmannen i Møre og Romsdal
Målgruppe:
Barnehage-og skulefaglege ansvarlege i kommunane, eigarer i private skular og private barnehagar