Etterutdanningskurs for lærarar og leiarar i vaksenopplæringa

Dato:
27. oktober 2014 11:00 - 29. oktober 2014 14:00
Stad:
Hotel Union i Geiranger
Arrangør:
Fylkesmannen i Møre og Romsdal og leiarnettverket for vaksenopplæringa i Møre og Romsdal
Målgruppe:
Lærarar og leiarar med ansvar for norskopplæring for vaksne innvandrarar, grunnskoleopplæring for vaksne og spesialundervisning for vaksne

 

Også i år inviterer Fylkesmannen i Møre og Romsdal, i samarbeid med leiarnettverket for vaksenopplæringa i Møre og Romsdal, til eit tre-dagars parallellseminar i Geiranger 27.-29. oktober 2014 for lærarar og leiarar i vaksenopplæringa.

Publisert 03.07.2014

Fylkesmannen samarbeider med Vox og får nasjonale midlar til gjennomføring/delfinansiering av kurssamling 1) Norskopplæring for vaksne innvandrarar og kurssamling 2) Grunnskoleopplæring for vaksne. Deltakarane vil få gratis kurs- og hotellopphold med overnatting i dobeltrom på Union hotell fra 27.-29. oktober. .

 

Kurssamling 3) Spesialundervisning for vaksne er det leiarnettverket i fylket som står for, og der den enkelte kommune/opplæringsinstitusjon dekkjer kostnadene knytt til dette

Dag 1 og 2 er ordinære kursdagar, medan dag 3 har innleiing på aktuelle tema og drøftingar/ erfaringsutveksling knytt til dette. Dag 3 er komen med som erstatning for den tidlegare interkommunale studiedagen i Molde i august kvart år. Leiarnettverket i Møre og Romsdal ønskjer at alle kommunar med lærarar i vaksenopplæringa i fylket deltar på Geirangersamlinga. Dette er tredje året det blir arrangert 3 parallelle kurs/seminar om vaksenopplæring i Geiranger i hausthalvåret, og vi ber vaksenopplæringa om å setje av datoane alt no!

Alle kursa startar med frammøte/registrering/lunsj måndag 27. oktober kl. 12.30 og avsluttar med lunsj og felles avreise onsdag kl. 13.00. Det blir sett opp bussar som tidlegare!

 

Spørsmål om påmeldinga kan rettast på epost: fmmrkurs@fylkesmannen.no  eller på telefon 71 25 80 67 /8505  

 Påmeldinga er no stengt pr. 28.09.2014

 

 

Dato:
27. oktober 2014 11:00 - 29. oktober 2014 14:00
Stad:
Hotel Union i Geiranger
Arrangør:
Fylkesmannen i Møre og Romsdal og leiarnettverket for vaksenopplæringa i Møre og Romsdal
Målgruppe:
Lærarar og leiarar med ansvar for norskopplæring for vaksne innvandrarar, grunnskoleopplæring for vaksne og spesialundervisning for vaksne