Demenskonferansen 2017

Dato:
8. mars 2017 10:00 - 9. mars 2017 16:00
Stad:
Scandic Parken i Ålesund
Arrangør:
Fylkesmannen i Møre og Romsdal
Målgruppe:
Helse og sosialfagleg personell, leiarar på alle nivå i kommune- og spesialisthelsetenesta. Fasglegar, sjukeheimslegar, psykologar, demenskontaktar, pårørande, pårørandeforeiningar, brukarorganisasjonar og politikarar. Høgskular og vg.sk i helse og sosialfag.

Det er no lagt ut presentasjonar frå Demenskonferansen 8. og 9. mars 2017 på Scandic Parken, Ålesund. Årets tittel var "Fremje det friske".

Framside

Publisert 06.01.2017

Ungdomsbedrifta «Show up» starta dagen med nydeleg song. Vidare opna Marit H. Angen; vinnar av Molde kommune sin «Frivillig – pris 2016» og leiar av Råkhaugen sitt dagsenter for personar med demens, med dikt frå deira aktivitetstilbod skrevet i anledning kvinnedagen.

Helsedirektoratet med to prosjektleiarar Jørgen Wagle og Hilde Heimli, informerte om nye retningslinjer for personar med demens.  Fylkesmannen med rådgivar for Omsorg 2020 Eli Mette Finnøy presenterte status for demensomsorga i Møre og Romsdal. Ein er stolt over å vere av dei beste i landet når det gjeld deltaking i demensomsorga sin ABC.  Vidare fekk ein høyre Fylkesmannen ved revisjonsleiar/ jurist Marit Vestad om erfaringar frå tilsyn i 2016, med tvungen helsehjelp etter pbrl. kap. 4A. Ho oppmoda kommunane til å nytte e-læringsprogram om pasient og brukerrettighetsloven kap. 4 og 4A på http://www.helsedirektoratet.no.&nbsp

Rita Jacobsen leverte et engasjerande innlegg «Verdig demensomsorg krev kompetanse». Med kompetanse meina vi også kunnskap og klokskap, og inn under klokskap har vi rausheit. Nærvær ; å koma inn på, er ei føresetnad for tillit og anerkjenning. 

VIPS modellen vart presentert frå Råkhaugen omsorgssenter ved Valborg Midsund og Camilla L. Johansen. Denne modellen er populær for å fremje personsentrert omsorg. Molde Vaksenopplæring med Anita Halke Dalskau fortsette med kognitive hjelpemidlar. Dagfinn Havnen, Ålesund kommune fortalte vidare kor viktig det er med eit meiningsfylt arbeid også om ein har ein demensdiagnose. Vi fekk som avslutting på dag 1 høyre om aktivitetsvennsatsinga i Ålesund og Haram.

Dag 2 starta med Anne Marie Mork Rokstad, som først snakka om temaet «Å møte menneske med demens – korleis kommunisere?». Et av mange viktige og avgjerande moment er å verte kjent med den enkelte sine preferansar. Rammevilkåra er og avgjerande , slik som tilrettelegging av rom og personkontakt. Hendingar i «nuet» utløyser minner frå fortida.  Rokstad fortsette vidare med tema «Å finne meining i pårøranderollen – korleis kan personalet bidra?». Stadfesting av pårørande sin kompetanse, og at pårørande si stemme vert høyrt er avgjerande. Relasjon til personalet og at pårørande opplever å verte sett vil kunne avgjere om pårørande har høve til å stå i det. To fantastiske innlegg av Rokstad.

Siw K. Ulla, Ålesund kommune hadde innlegg om «Demensvenleg samfunn». Der målsettinga er eit rausare samfunn for alle, og ikkje eigne samfunn for personar med demens. For å få til dette er det naudsynt med god og heilskapleg planlegging og kontakt, og samarbeid på tvers av sektorgrenser, tenestenivå og ansvarsområde. Marit H. Angen, Molde kommune tok oss vidare og snakka om «Møteplass for meistring for personar med demens midt i livet». Dette er kurs for personar med demens og deira pårørande, og det vart vist til eit viktig arbeid med svært positive erfaringar. Amrei Jakobs, Ålesund kommune tok oss vidare og fortalde om aktivitetar i Borgundgavlen, eit samarbeid med Sunnmøre museum. Vi fekk sjå ein sterk film frå «Lavollen» dagaktivitetstilbod for yngre personar med demens i Trondheim, med fleire gripande historier.

Dag 2 vart avslutta med ein Inspirasjonsseanse av prest, forfattar og føredragshaldar Per Anders Nordengen. Her var latter, mange «tankevekkarar», og ei herleg avslutting på konferansen.

Dato:
8. mars 2017 10:00 - 9. mars 2017 16:00
Stad:
Scandic Parken i Ålesund
Arrangør:
Fylkesmannen i Møre og Romsdal
Målgruppe:
Helse og sosialfagleg personell, leiarar på alle nivå i kommune- og spesialisthelsetenesta. Fasglegar, sjukeheimslegar, psykologar, demenskontaktar, pårørande, pårørandeforeiningar, brukarorganisasjonar og politikarar. Høgskular og vg.sk i helse og sosialfag.