Demenskonferansen 2016

Dato:
2. mars 2016 09:00 - 3. mars 2016 15:00
Stad:
Scandic Parken i Ålesund
Arrangør:
Helse og sosialavdeling hos Fylkesmannen i Møre og Romsdal
Målgruppe:
Helse og sosialfagleg personell ,leiarar på alle nivå i kommune -og spesialisthelsetenesta. Fastlegar, sjukeheimslegar, psykologar, demenskontaktar, pårørande, pårørandeforeiningar, brukarorganisasjonar og politikarar. Høgskular og vg.sk i helse og sosialfag

Det er no lagt ut presentasjonar frå Demenskonferansen 2.og 3.mars 2016 på Scandic Parken hotell, Ålesund. Velkommen til konferanse "Sjå kven eg er"

Publisert 13.10.2015 av Administrator

Demenskonferansen 2016

Det kjem nokre fleire presentasjonar og dei legg i ut så snart vi motteg dei.

 

Informasjon frå som låg ute ved invitasjonen:

Helse- og omsorgsdepartementet vil legge fram Demensplan 2020. Regjeringa sitt mål er å skape brukaren og pasienten sin helse- og omsorgsteneste. Eit godt helse- og omsorgstenestetilbod må derfor ta utgangspunkt i og utformast for å dekke dei behov og opplevingar den enkelte har.

Miljøbehandling blir nytta for å skape trivsel, aktivitet, glede og bevare god livskvalitet, og dermed redusere angst og uro hos personar med demens. Ved å bruke personsentrert omsorg blir miljøbehandlinga skreddarsydd for kvar enkelt person. Det er viktige verkemiddel for å førebygge bruk av tvang overfor personar med demens.

Dag 1 på konferansen har vi fokus på behovet for demensteam og demensutredning, og pårørande sitt behov for informasjon, rettleiing og avlasting. Tiltakspakke demens som er ein fagleg og systematisk oppfølging av heimebuande personar med demens og deira pårørande vil blir presentert. Vidare vil vi få informasjon om arbeidet med meir demensvenleg samfunn i eige fylke.

Dag 2 vil personsentrert omsorg som verdigrunnlag vere hovudtema, samt ulike miljøbehandlingsmetodar som VIPS, Dementia Care Mapping (DCM) og Marte Meo.  

 

Dato:
2. mars 2016 09:00 - 3. mars 2016 15:00
Stad:
Scandic Parken i Ålesund
Arrangør:
Helse og sosialavdeling hos Fylkesmannen i Møre og Romsdal
Målgruppe:
Helse og sosialfagleg personell ,leiarar på alle nivå i kommune -og spesialisthelsetenesta. Fastlegar, sjukeheimslegar, psykologar, demenskontaktar, pårørande, pårørandeforeiningar, brukarorganisasjonar og politikarar. Høgskular og vg.sk i helse og sosialfag