Demenskonferansen 2015

Dato:
11. mars 2015 09:00 - 12. mars 2015 16:00
Stad:
Quality hotel Waterfront i Ålesund
Arrangør:
Fylkesmannen i Møre og Romsdal, helse og sosialavdelinga

Fylkesmannen i Møre og Romsdal inviterer til årets Demenskonferanse 2015 med tittel "Kva gjer dei som lykkasr?" 11.-12.mars 2015 på Quality hotel Waterfront i Ålesund

 

Publisert 12.01.2015

Vi har den store glede å invitere til ein konferanse der du får auka innsikt gjennom inspirerande foredrag og erfaringsdeling. Du blir invitert til å ta del i kreative og innovative arbeidsmetodar og smarte tiltak innan demensomsorga.

Kva tenkjer du om:

- å få til eit demensvenleg samfunn i Møre og Romsdal?

- å  organisere demensomsorga i heimetenesta  i arbeidslag - er det smart?

- korleis det er  å være pårørande? 

- personsentrert omsorg – kva inneber ei slik tilnærming i møte med personar med demens?

- bruk av Marte Meo  for å dyktiggjere oss i demensomsorg?

- det er nyttige erfaringar å ta med seg frå demenslandsbyen i De Hogeweyk?

- «Designet frivillighet» - kva er det?

- å få høre om  erfaringar med miljøtiltak i kommunane?

- å få høre erfaringar om etableringa av demenspensjonat – landets første  nattilbod til personar med demens

- leiinga si betyding for kvaliteten på demensomsorga?

 Vi håper desse to dagane gir deg  inspirasjon og nokre idear til forbetring. Det kan og  hende  du får nye spørsmål å ta med tilbake til eigen arbeidskvardag. 

 Korstnad: Konferansen er gratis. Reise og opphald betalar den enkelte deltaker sjølve. Opphald på hotellet betalar den enkelte direket til hotell eller gjer avtale på førhand om fakturering. Prisar: Dagpakke inkl lunsj (for ikkjebuande) pr. dag kr 525,- , Middag for ikkjebuande kr 425,- og heilpensjon i enkeltrom inkl alle måltider kr. 1975,-

Påmelding: Det er bindande påmelding innan 25.februar 2015. Påmeldingsskjem finn du lengre ned på denne sida. Har du spørsmål om skjema, kan dei rettast på epost til fmmrkurs@fylkesmannen.no eller på telefon 71 25 84 09/ 71 25 85 05

Dato:
11. mars 2015 09:00 - 12. mars 2015 16:00
Stad:
Quality hotel Waterfront i Ålesund
Arrangør:
Fylkesmannen i Møre og Romsdal, helse og sosialavdelinga