Barnevernskonferansen 2013 - Kjernekompetanser i barnevernet?

Dato:
16. oktober 2013 12:00 - 18. oktober 2013 13:00
Stad:
Union hotel, Geiranger
Arrangør:
Helse og sosialavdelinga
Målgruppe:
Alle tilsette i det kommunale og det statlege barnevernet

Geiranger Fylkesmannen inviterer med dette tilsette i kommunal barnevernteneste til Barnevernkonferanse på Union Hotel i Geiranger den 16 - 18 oktober.

Publisert 02.09.2013

Konferansen er ein del av den nasjonale styrkinga av det kommunale barnevernet, der Fylkesmannen for 2013 fekk ekstra midlar til å arrangere kompetansetiltak for kommunane. Vi har funne å kunne dekke opphaldsutgifter for så mange som mogeleg av deltakarar frå dei kommunale barneverntenestene. Sidan vi reknar med at det vil bli stor interesse for å delta på konferansen vil vi måtte avgrense og fordele «gratisplassane». Oversikt over fordelinga vert lagt ved. Kommunane kan melde på så mange de ønskjer. Det er sett av ekstra rom på Hotell Geiranger til dei som ikkje får plass plass på Union. For dei som ikkje får gratisplass må kommunane dekke opphaldsutgiftene på vanleg måte. 

 Pris:       Overnatting i enkeltrom:  kr 1295,- pr døgn.

              Heile konferansen (2 døgn + ekstra lunsj): kr.  2845,-

Da ser vi fram til spennande fagdagar i Geiranger og ønskjer alle vel møtt!

Praktiske opplysninger: Påmeldinga er bindande.

NY PÅMELDINGSFRIST : 29. september 2013.Den elektroniske påmeldinga er no stengt pr. 30.09.13 kl.12.30

Spørsmål om påmeldinga kan rettast til Kjellaug Flusund Finnøy på epost: fmmrkurs@fylkesmannen.no eller på telefon 71 25 80 67

Spørsmål om konferansen kan rettast til Heidrun Avdem på epost : heidrun.avdem@fylkesmannen.no eller telefon 71 25 85 42

Dato:
16. oktober 2013 12:00 - 18. oktober 2013 13:00
Stad:
Union hotel, Geiranger
Arrangør:
Helse og sosialavdelinga
Målgruppe:
Alle tilsette i det kommunale og det statlege barnevernet