Barnevernseminar

Dato:
26. februar 2016 10:00 - 14:00
Stad:
Quality hotel Alexandra i Molde
Arrangør:
Helse og sosialavdelinga
Målgruppe:
Barneverntenesta i kommunane i Møre og Romsdal

BRUKERSAMARBEID FOR BARNA SITT BESTE – FØR – NO –  I FRAMTIDA

Mål: auka forståing av korleis barneverntenesta gjennom brukersamarbeid, langsiktig og heilskapleg tenking kan medverke til å gi barnevernbarna ein best mogeleg barndom

Publisert 06.01.2016

Innhald:Omsynet til kva som er til beste for barna skal vere retningsgivande for alt barnevernet sitt arbeid. Prinsippet om barnets beste er noko alle er enige om, men kva som ligg i dette for det enkelte barnet  kan det vere sterk usemje om. Foreldre, fosterforeldre, tilsette i barnevernet, og andre involverte kan ha svært ulike meiningar om kva som reint faktisk er til det beste i konkrete situasjonar.

Barnevernproffane i Forandringsfabrikken bidrar til ny forståing gjennom sine fortellingar om eigne erfaringar. Dei gir gode råd til barnevernet. God hjelp handlar ofte om at barnevernet, fosterforeldre og deira eigne foreldre har klart å samarbeide om å gi dei ein god barndom.

Til dette seminaret har vi invitert representantar for foreldre og fosterforeldre til å fortelle om sine erfaringar. Dei er også velkomne til å gi oss gode råd.

Hege Sundt er tidlegare generalsekretær for Norsk Fosterheimsforening, og no tilsett i Organisasjon for barnevernforeldre.  Ho vil informere om arbeidet til organisasjonen. Lars Meek Hansen vil  orientere om familievernet si rolle.

Professor Tor Slettebø har forska om og arbeidd med brukarmedverknad i ei årrekke. Han vil knytte trådane til slutt.

Seniorrådgivar Eli Karin Walle har lang erfaring frå arbeid innan barnevernfeltet. I samband med at ho no sluttar vil ho oppsummere korleis barnevernfeltet har endra seg over desse 30 åra og kva rolle fylkesmannen har hatt i dette.

Programmet ligg under vedlegg: Starter opp kl.10.00 og slutter ca kl14.00. Seminaret er gratis og dekkes av fylkesmannen, det blir servert lunsj. Deltakarane må sjølv dekke reiseutgifter. 

Målgruppe for seminaret er tilsette i barneverntenesta i kommunane i Møre og Romsdal.  Andre som er interesserte i emnet er også velkomne.

NY påmeldingsfrist innen 27. januar 2016. Spørsmål om påmeldinga kan rettast til epost fmmrkurs@fylkesmannen.no eller telefon 71 25 84 09 eller71 25 85 05

Stadfesting: Sjekk at du har fylt ut alle felt før du sender påmeldinga. Du vil automatisk motta ei stadfesting på din epost når påmeldinga er gjort. Denne stadfestinga skal nyttast ved kontakt hit ang.påmeldinga di.

Dato:
26. februar 2016 10:00 - 14:00
Stad:
Quality hotel Alexandra i Molde
Arrangør:
Helse og sosialavdelinga
Målgruppe:
Barneverntenesta i kommunane i Møre og Romsdal