Barnevern i etniske minoritetsfamiliar

Dato:
23. september 2014 - 24. september 2014
Stad:
Hustadvika gjestegård, Fræna
Arrangør:
Fylkesmannen i Møre og Romsdal, helse og sosialavdelinga
Målgruppe:
Tilsette i kommunal barnevernteneste i Møre og Romsdal

Fylkesmannen inviterer tilsette i barneverntenesta til kurs om barnevern i  etniske minoritetsfamiliar, med Marianne Skytte som kurshaldar. Kulturutfordringar set barnevernets generelle utfordringar på spissen, seier Marianne Skytte.

Publisert 31.07.2014

Målgruppe: Tilsette i kommunal barnevernteneste i Møre og Romsdal. Det bør helst vere to frå same kontor. Tenestene vert oppfordra om å velge ut særskilde kontaktpersonar innan dette området.

Tid og stad: Hustadvika gjestegård 23. – 24. september 2014. http://www.classicnorway.no/hotell/hustadvika-gjestegard

Praktisk: Fylkesmannen dekker kostnader. Kurset går over to heile dagar, med oppstart tirsdag 23. sept kl 10.00 og slutt onsdag kl 15.00. Dei som har lengst reiseveg kan få ei ekstra overnatting. Påmelding innan 27. august 2014 på epost til fmmrelwa@fylkesmannen.no

Kurshaldar: Marianne Skytte er lektor ved Aalborgs universitet og har skrive boka Etniske Minoritetsfamilier og Sosialt Arbeid. Ho har lang erfaring i undervisning om emnet. Dialog og etisk refleksjon vil bli vektlagt.

Bakgrunn: I Møre og Romsdal har det over tid utvikla seg eit etnisk mangfald i dei fleste kommunane. Mange arbeidsinnvandrarar, særleg frå Aust Europa, sørger for at hus blir bygde og olje kjem opp frå havet. Fleire og fleire kjem med familiar. Mange einslege menn, særleg på bygdene, finn seg koner frå Asia og Sør Amerika.  Flyktningar og asylsøkarar er komne til i dei fleste kommunane.  Dei fleste av desse tilflytta vil ikkje kome til å møtast med barnevernet, men som grupper representerer dei nye og særlege utfordringar  for barnevernet.

Vi vil sette fokus på utfordringane barnevernet møter når skikkar frå andre land klæsjar med våre eigne. Korleis kan vi møte – forstå – handle – når foreldre behandlar ungane sine på måtar som er framande – ja heilt uakseptable slik vi ser det. Kvar går grensene? Skal vi gjere skilnad på norske og andre barn ?

Kulturutfordringar set barnevernets generelle utfordringar på spissen, seier Marianne Skytte.

Kurset vil ha særleg fokus på konsekvensar av ulike oppdragarmønster (vold) og barnevernets rolle.

Dato:
23. september 2014 - 24. september 2014
Stad:
Hustadvika gjestegård, Fræna
Arrangør:
Fylkesmannen i Møre og Romsdal, helse og sosialavdelinga
Målgruppe:
Tilsette i kommunal barnevernteneste i Møre og Romsdal