Barnehagekonferansen 2014 - "Kanskje kommer kongen"

Dato:
30. oktober 2014 09:00 - 31. oktober 2014 16:00
Stad:
Rica Parken hotel i Ålesund
Arrangør:
Fylkesmannen i Møre og Romsdal,oppvekst og utdanning, Høgskulen i Volda og Utdanningsforbundet Møre og Romsdal
Målgruppe:
Pedagogisk personale i barnehagane, barnehageansvarlege på kommunenivået,

Barnehagekonferansen 2014:  «Kanskje kommer kongen!»

Den årlege barnehagekonferansen i Møre og Romsdal vert i år arrangert på Rica Parken Hotel i Ålesund 30. og 31.oktober. Konferansen er eit samarbeid mellom Høgskulen i Volda, Utdanningsforbundet Møre og Romsdal og Fylkesmannen i Møre og Romsdal. Påmelding til konferansen skal i år gjerast på nettsida til fylkesmannen www.fylkesmannen.no innan 31.08.2014

 

Publisert 06.02.2014

Påmelding  B:indande påmelding og tinging av overnatting skjer via nettsida til Fylkesmannen i Møre og Romsdal. Frist for påmelding er sett til 31.08.2014.  Påmeldingskjema er no stengt pr. 5.09.14 . Har du spørsmål knytt til påmelding kan du ta kontakt med fylkesmannen i Møre og Romsdal på e-post fmmrkurs@fylkesmannen.no  eller telefon 71258067/8505

 Stadfesting av påmelding :Når du har meldt deg på vil du få bekreftelse på e-post direkte med referanse nr som brukast ved henvending til Fylkesmannen. Ver merksam på at konferanseavgifta må vere betalt innan den 1.10.2014. Faktura for konferanseavgifta blir sendt til den fakturaadressa (kommune/privat eigar/barnehage) du har registrert i påmeldinga. Påmeldinga er bindande, og konferanseavgifta blir ikkje refundert ved avmelding.

 Barnehagekonferansen er ein todagars konferanse og deltakarane må difor vere med begge dagane. Det er ikkje høve til å dele ein plass. Det vert teke atterhald om gjennomføring av konferansen på grunnlag av antal påmelde innan påmeldingsfristen 20.08.2014.

 Konferanseavgifta dekkjer det faglege innhaldet og er kr. 1000,- 

Oppgjer i samband med opphald:

  • Pris per person i enkeltrom m/heilpensjon er kr. 1910,-
  • Pris per person i dobbeltrom m/heilpensjon er kr. 1710,-

Deltakarane må sjølve gjere opp hotellkostnadene direkte med hotellet de bur på. 

  • Dagpakke for ikkje-buande begge dagar er totalt kr. 1010,-
  • Konferansemiddag for ikkje-buande er kr. 495,-

Kostnader i samband med dagpakkar/konferansemiddag for ikkje-buande må deltakarane sjølve gjere opp direkte med Rica parken Hotel.

Fellesrekning – avtal på førehand : dersom flere frå same barnehage/kommune ønskjer fellesrekning må dette avtalast med det aktuelle hotellet på førehand.

Vi ser fram til konferansen og ønskje velkommen til Barnehagekonferansen 2014 - Kanskje kommer kongen....

 

 

 

Dato:
30. oktober 2014 09:00 - 31. oktober 2014 16:00
Stad:
Rica Parken hotel i Ålesund
Arrangør:
Fylkesmannen i Møre og Romsdal,oppvekst og utdanning, Høgskulen i Volda og Utdanningsforbundet Møre og Romsdal
Målgruppe:
Pedagogisk personale i barnehagane, barnehageansvarlege på kommunenivået,