Samarbeid om tenester for utsette barn og unge 2.-3. desember 2014

Dato:
2. desember 2014 10:00 - 3. desember 2014 15:00
Stad:
Quality hotel Alexandra, Molde
Arrangør:
Fylkesmannen i Møre og Romsdal
Målgruppe:
Barneverntenesta, NAV, helsesøster/skulehelsetenesta, barnehage, skule, koordinerande eining/tiltak for funksjonshemma - gjerne tverrfaglege team frå kommunane

Invitasjon til konferansen Samarbeid om tenester for utsette barn og unge.

Publisert 24.06.2014

Fylkesmannen i Møre og Romsdal inviterer til konferanse om tverrprofesjonelt samarbeid om kommunale tenester for barn og unge med sammensette behov.  Utgangspunktet er barn som får hjelp frå barnevernet.  Desse barna treng ofte ulike kommunale tiltak og dei oppheld seg kvar dag i heimen og i barnehagen eller skulen.

Målgruppe:  Barnevern, helsesøsterteneste/skulehelseteneste, PPT, barnehage, skule, NAV og andre som arbeider med barn og unge i kommunane.  Særleg ønskjer vi at tverrfaglege kommunale team deltek.

Kostnader:  Det er ei konferanseavgift på kr 700,- som kvar deltakar må betale sjølv.  Det vert sendt faktura frå Fylkesmannen i Møre og Romsdal til den fakturaadressa du registrerer på påmeldingsskjemaet, med betalingsfrist 20. november 2014.  Deltakarane må sjølve betale reiseutgifter.  Fylkesmannen dekkjer opphaldsutgiftene. 

Påmeldingsfristen er no utgått.  Har du spørsmål knytt til påmeldinga, kan dei rettast på epost til fmmrkurs@fylkesmannen.no eller på telefon 71 25 80 67 / 71 25 85 05.

Dato:
2. desember 2014 10:00 - 3. desember 2014 15:00
Stad:
Quality hotel Alexandra, Molde
Arrangør:
Fylkesmannen i Møre og Romsdal
Målgruppe:
Barneverntenesta, NAV, helsesøster/skulehelsetenesta, barnehage, skule, koordinerande eining/tiltak for funksjonshemma - gjerne tverrfaglege team frå kommunane