BARNEHAGEKONFERANSEN 2015 - MITT ANSVAR

Dato:
29. oktober 2015 09:00 - 30. oktober 2015 16:00
Stad:
Scandic Parken hotel i Ålesund
Arrangør:
Samarbeidsprosjekt mellom Høgskulen i Volda, Utdanningsforbundet Møre og Romsdal og Fylkesmannen i Møre og Romsdal
Målgruppe:
Barnehagane - både kommunale og ikkje-kommunale, PPT og evt. andre aktuelle instansar

Barnehagekonferansen 2015 – MITT ANSVAR

Den årlege barnehagekonferansen i Møre og Romsdal vert arrangert på Scandic Parken i Ålesund 29. og 30. oktober. Konferansen er eit samarbeid mellom Høgskulen i Volda, Utdanningsforbundet Møre og Romsdal og Fylkesmannen i Møre og Romsdal.

NB! Alle som har meldt seg på Barnehagekonferansen har mottatt faktura på konferanseavgifta og skal ved påmelding ha  fått ein stadfesting på epost at du er påmeldt. HUSK å skriv eposten ut.

Publisert 18.02.2015

Fagleg innhald  : Barnehagelæraren arbeider i eit spenningsfelt mellom autonomi og styring. Er graden av styring utanfrå aukande? Historisk sett har barnehagelæraren si rolle i spenningsfeltet mellom autonomi og styring endra seg. Profesjonen har gått frå stor grad av autonomi til sterkare grad av styring. Dette påverkar barnehagelæraren sitt handlingsrom og høve til utøving av profesjonelt skjønn. Er desse endringane til det beste for barna? Ein av grunnpilarane i barnehagepedagogikken er å tilpasse det pedagogiske tilbodet til det einskilde barnet. Med det aktive barnet i sentrum for leik- og læringsprosessar, utviklar ein barnehagekvaliteten. Barnehagelæraren har kompetanse til å initiere, leie og drive leik- og læringsprosessar i eit samspel mellom aktørane i barnehagen. Grip barnehagelæraren handlingsrommet og definerer arbeidsmåtar og innhald slik det er forankra i Rammeplan for barnehagen? «Barnehagen er en pedagogisk virksomhet som skal planlegges, dokumenteres og vurderes. Den enkelte barnehage står fritt til å velge metoder og omfang ut fra lokale forutsetninger og behov». (Rammeplanen for barnehagen, 2006, kap. 4). Konferansen MITT ANSVAR utfordrar barnehagelæraren til kritisk refleksjon og debatt om kva som er god barnehage no og i framtid.

Påmelding : Bindande påmelding og tinging av overnatting skjer via nettsida til Fylkesmannen i Møre og Romsdal . NY Frist for påmelding er sett til 31.08.2015. Har du spørsmål knytt til påmelding kan du ta kontakt med Fylkesmannen i Møre og Romsdal på e-post fmmrkurs@fylkesmannen.no  eller telefon 71258409/71258505.

Stadfesting av påmelding :Når du har meldt deg på vil du motta ei stadfesting på e-post. Informasjonen i denne e-posten skal brukast dersom ein kontaktar Fylkesmannen for spørsmål og avklaringar. Faktura for konferanseavgifta blir sendt til den fakturaadressa som er registrert i påmeldinga. Påmeldinga er bindande og konferanseavgifta blir ikkje refundert ved avmelding.  

Vilkår for deltaking : Barnehagekonferansen er ein to-dagars konferanse og deltakarane må difor delta begge dagane. Det er ikkje høve til å dele ein plass.  

 Meir informasjon finn du i invitasjonsbrevet som ligg i høgre margen!

Dato:
29. oktober 2015 09:00 - 30. oktober 2015 16:00
Stad:
Scandic Parken hotel i Ålesund
Arrangør:
Samarbeidsprosjekt mellom Høgskulen i Volda, Utdanningsforbundet Møre og Romsdal og Fylkesmannen i Møre og Romsdal
Målgruppe:
Barnehagane - både kommunale og ikkje-kommunale, PPT og evt. andre aktuelle instansar