Søkjer løyve til utfylling i Sandøy

Høyringsfrist:
25. oktober 2016 23:59

I.P. Huse AS søkjer om løyve etter forureiningslova til utfylling ved Steinshamn.

Publisert 23.09.2016

Dei ynskjer å fylle ut med om lag 120 000 m3 med massar over eit areal på om lag 30 000 m2 ved eigedomane med gnr. 7 bnr. 240, 261 og 262. Hensikta med tiltaket er å oppnå auka landareal som skal nyttast til industriformål. Tiltaket skal startast opp hausten 2016 og utførast etappevis i ein periode på 2-5 år. Sjøbotnen i tiltaksområdet er stadvis forureina med PAH-forbindingar.

Link til komplett sett med søknadsdokument til høgre på denne sida. Dokumenta blir også lagt ut på heimesida til Sandøy kommune.

Eventuelle merknader kan sendast til Fylkesmannen i Møre og Romsdal, postboks 2520, 6404 Molde, innan 25.10.2016.

Høyringsfrist:
25. oktober 2016 23:59

Kontaktpersonar

Dokument