Storevik naturreservat, Sande - grenseendring

Høyringsfrist:
1. februar 2017 23:00

Fylkesmannen vil med dette høyre ei mindre grenseendring i Storevik naturreservat, sjå vedlagte kart, utgreiing og oversendingsbrev.

Publisert 23.12.2016

Endringa medfører at nokre hus, anlegg og opparbeidde område vert teke ut av reservatet, og grensa vert trekt på ein enklare måte. Det vert teke inn nokre nye sjøareal, holmar og strandeng/kystlynghei. Totalarealet vert ikkje endra, og ingen viktige verneverdiar vert fjerna frå reservatet.