Søknad om løyve til utslepp frå tunnelarbeid ved Nye Verma Kraftverk

Høyringsfrist:
13. juli 2016 23:00

Rauma Energi AS søkjer om mellombels løyve etter forureiningslova til utslepp frå driving av tunnelar og anleggsverksemd ved Nye Verma Kraftverk. Arbeidet er planlagd i tidsrommet februar til desember 2017.

Publisert 09.06.2016

Det er søkt om utslepp av bore- og lekkasjevatn som vil vere basisk og innehalde slam, nitrogen og noko olje. Vatnet skal reinsast og pH-justerast før det blir slept ut i Rauma elv, like oppstrøms Verma kraftstasjon.

Søknadsdokumenta er lagt ut hos Rauma kommune. Ein finn dei og på www.fylkesmannen.no/mr, under ”Høyringar”. Vi ber om at eventuelle uttaler blir sendt til Fylkesmannen i Møre og Romsdal, Fylkeshuset, 6404 Molde innan 13.07.2016.

Høyringsfrist:
13. juli 2016 23:00