Søknad om løyve til utfylling på Averøya

Høyringsfrist:
17. desember 2015 23:00

Skretting AS søkjer om løyve etter forureiningslova til utfylling med betongmadrass ved bedriftas anlegg i Kristvika.

Publisert 18.11.2015 av Administrator

Betongmadrassane skal leggast for å hindre erosjon og utgliding av sjøfronten, og vil dekke eit areal på opp til 9 000 m2 av sjøbotnen. Sjøbotnen kan innehalde noko forureina sediment.

Komplett sett søknadsdokument finnast ved å følgje linken til høgre på denne sida. Dokumenta vert også lagt ut på heimesida til Averøy kommune.

Vi ber om at eventuelle merknadar sendast til Fylkesmannen i Møre og Romsdal, postboks 2520, 6404 Molde, innan 17.12.2015.

Høyringsfrist:
17. desember 2015 23:00

Kontaktpersonar

Dokument