Søknad om løyve til utfylling over forureina sjøbotn

Høyringsfrist:
7. august 2014 23:30

Tømmerdal Consult AS har søkt om løyve etter forureiningslova til utfylling i sjø ved Flatholmen i Ålesund kommune. Utfyllingsarealet er på ca. 700 m2 og har eit utfyllingspotensial på ca. 1.500 m3.

Publisert 02.07.2014 av Administrator

Utfyllinga skal gjerast frå land med beltvis utfylling frå fyllingsfronten. Tidlegare miljøundersøkingar utført i eit område som grenser til utfyllingsområdet viser at sedimenta er moderat forureina. For å hindre spreiing av eventuelle forureina masser i fyllingsområdet under arbeidet vil det difor bli lagt ein fiberduk som forsegling på sjøbotnen, og eit sandlag over duken for å beskytte denne og holde han på plass.

Søknadsdokumenta er lagt ut på servicekontoret til Ålesund kommune. Dei kan også finnast ved å følgje linkane til høgre.

Vi ber om at eventuelle kommentarar sendast til Fylkesmannen i Møre og Romsdal, Fylkeshuset 6404 Molde, innan 07.08.2014.

Høyringsfrist:
7. august 2014 23:30