Søknad om løyve til utfylling i Molde

Høyringsfrist:
7. august 2016 23:00

Brødrene Røsand AS søkjer om løyve etter forureiningslova til utfylling ved Brunvollkvartalet.

Publisert 04.07.2016

Utfyllinga skal gjerast for å lage ny kaifront og skal utførast utanfor eigedomane med gnr. 25 bnr. 928 og 933. Det skal fyllast ut med om lag 25 000 m3 med massar over eit areal på om lag 3 500 m2, inkludert fyllingsfot. Arbeidet er planlagt å starte opp i september 2016, og sjølve utfyllinga vil vere ferdigstilt innan utgongen av året. Plastring og kledning av spuntvegg vil verte ferdigstilt i laupet av 2017. Sjøbotnen i tiltaksområdet er påvist forureina i stadvis sterk grad, og difor vil det verte utført avbøtande tiltak under arbeidet.

Komplett sett søknadsdokument finnast ved å følgje linken til høgre på denne sida. Dokumenta vert også lagt ut på heimesida til Molde kommune.

Vi ber om at eventuelle merknadar sendast til Fylkesmannen i Møre og Romsdal, postboks 2520, 6404 Molde, innan 07.08.2015.

Høyringsfrist:
7. august 2016 23:00