Søknad om løyve til utfylling i Molde

Høyringsfrist:
18. desember 2015 23:00

Molde Betong AS søkjer om løyve etter forureiningslova til utfylling med massar vest for Tøndergård.

Publisert 19.11.2015 av Administrator

Dei ynskjer å fylle ut med om lag 30 000 m3 med massar ved eigedomen med gnr. 27 bnr. 494, som ligg rett vest for båthamna. Utfyllinga vil dekke eit areal på om lag 4 000 m2. Det er påvist moderate nivå av forureining på sjøbotnen i tiltaksområdet.

Komplett sett søknadsdokument finnast ved å følgje linken til høgre på denne sida. Dokumenta vert også lagt ut på heimesida til Molde kommune.

NB! I søknadsskjemaet står det at det skal fyllast ut med om lag 70 000 m3 med massar. Tiltakshavar har i ettertid opplyst Fylkesmannen om at det totale volumet berre vert om lag 30 000 m3.

Vi ber om at eventuelle merknadar sendast til Fylkesmannen i Møre og Romsdal, postboks 2520, 6404 Molde, innan 18.12.2015

Høyringsfrist:
18. desember 2015 23:00