Søknad om løyve til utfylling i Kristiansund

Høyringsfrist:
15. mai 2016 23:00

Kristiansund Holding AS søkjer om løyve etter forureiningslova til utfylling med massar ved Dalegata.

Publisert 12.04.2016

Dei søkjer på vegne av Heinsa Mekaniske AS og Jemar Eiendom AS og ynskjer å fylle ut med om lag 4 200 lm3 med massar over eit areal på om lag 1 400 m2 ved eigedomane med gnr. 31 bnr. 1160 og 1162. Sjøbotnen i tiltaksområdet er antatt å vere forureina på grunnlag av tidlegare undersøkingar i nærleiken, og tiltakshavar vil verte pålagt å dekke til sjøbotnen med eit sandlag for å redusere spreiing av sediment.

Komplett sett søknadsdokument finnast ved å følgje linken til høgre på denne sida. Dokumenta vert også lagt ut på heimesida til Kristiansund kommune.

Vi ber om at eventuelle merknadar sendast til Fylkesmannen i Møre og Romsdal, postboks 2520, 6404 Molde, innan 15.05.2016. 

Høyringsfrist:
15. mai 2016 23:00

Kontaktpersonar