Søknad om løyve til utfylling i Kristiansund

Høyringsfrist:
21. november 2015

Jemar Utvikling AS v/ Kristiansund Holding AS søkjer om løyve etter forureiningslova til tiltak for å oppnå større areal ved Sørholmen i Kristiansund kommune.

Publisert 15.10.2015 av Administrator

Dei ynskjer å fylle ut om lag 70 000 m3 med massar over eit areal på om lag 6 300 m2. Det nye arealet skal nyttast til ein ny produksjonshall.

Rådgivende biologer AS og Multiconsult AS har gjort miljøundersøkingar og geotekniske undersøkingar i området. Sjøbotnen er forureina i betydeleg grad med PAH-forbindingar og TBT.

Søknadsdokumenta er lagt ut på heimesida til Kristiansund kommune. Du finn dei også ved å følgje linkane til høgre.

Vi ber om at eventuelle kommentarar sendast til Fylkesmannen i Møre og Romsdal, postboks 2520, 6404 Molde, innan 20.11.2015.