Søknad om løyve til sluttbehandling av kloakkslam

Høyringsfrist:
29. juni 2017 23:00

Tafjord Kraftvarme AS søkjer om løyve etter forureiningslova til å sluttbehandle kloakkslam i avfallsforbrenningsanlegget på Grautneset i Ålesund kommune.

Publisert 13.06.2017

Ålesund kommune ønsker årleg å forbrenne inntil 2000 tonn problemslam frå eit av renseanlegga i kommunen. Dette slammet inneheld spor av bromerte flammehemmarar som blir oppkonsentrerte ved kompostering.  I forbrenningsomnen blir dei bromerte flammehemmarane destruerte og slik tatt ut av kretsløpet.

Søknadsdokumenta finn du til høgre på denne sida. Dei er óg lagt ut på servicekontoret i Ålesund kommune.

Vi ber om at merknadane blir sendt til Fylkesmannen i Møre og Romsdal, postboks 2520, 6404 Molde innan 29.06.2017.

 

Høyringsfrist:
29. juni 2017 23:00