Søknad om løyve til mudring og dumping

Høyringsfrist:
16. november 2015

Kystverket søker om løyve etter forureiningslova til tiltak for å oppnå større seglingsdjup ved Kalvøysundet i Ålesund kommune.

Publisert 15.10.2015 av Administrator

Kystverket ynskjer å mudre om lag 11 680 m3 med massar over eit areal på om lag 5 218 m2 ved Kalvøysundet. Dei ynskjer å starte med arbeidet våren 2016. Dei mudra massane skal nyttast i utfyllinga ved Flatholmen.

Multiconsult har gjort geologiske undersøkingar og miljøundersøkingar i tiltaksområdet. Dei fann at sjøbotnen berre er forureina i lett grad.

Søknadsdokumenta er lagt ut på heimesida til Ålesund kommune. Du finn dei også ved å følgje linkane til høgre.

Vi ber om at eventuelle kommentarar sendast til Fylkesmannen i Møre og Romsdal, postboks 2520, 6404 Molde, innan 15.11.2015.

Høyringsfrist:
16. november 2015