Søknad om løyve til mudring og deponering ved Bringsinghaug

Høyringsfrist:
20. september 2014 23:30

Kystverket har søkt om løyve etter forureiningslova til tiltak for å oppnå større seglingsdjup ved kaianlegget ved Bringsinghaug hamn i Sande kommune.

Publisert 19.08.2014 av Administrator

Fylkesmannen har mottatt ein søknad om løyve etter forureiningslova til mudring og deponering ved Bringsinghaug hamn på Kvamsøya i Sande kommune. Det skal mudrast ca. 11.500 m3 frå lekter over eit areal på ca. 10.000 m2 og ned til eit djup i sedimenta på 6,3-7,3 m. Formålet er å oppnå eit større seglingsdjup ved hamna. Dei mudra massane skal deponerast i eit område regulert til industriformål som ligg like vest for hamna.

Multiconsult har gjort miljøundersøkingar i tiltaksområdet. Dei fann miljøgifter av typen PAH, PCB og TBT i tilstandsklasse dårleg til moderat, og det kan derfor bli aktuelt å påleggje avbøtande tiltak under arbeidet.

Søknadsdokumenta er lagt ut på heimesida til Sande kommune. Dei kan også finnast ved å følgje linkane til høgre.

Vi ber om at eventuelle kommentarar sendast til Fylkesmannen i Møre og Romsdal, Fylkeshuset, 6404 Molde, innan 20.09.2014.

Høyringsfrist:
20. september 2014 23:30

Kontaktpersonar