Søknad om løyve til mottak og mellomlagring av returasfalt i Rauma

Høyringsfrist:
28. august 2017 23:00

Veidekke Industri AS søker om løyve etter forureiningslova til å ta imot og mellomlagre brukt asfalt i verksemda sitt asfaltverk på Horgheim i Rauma kommune. Det er søkt om eit årleg mottak av inntil 30 000 tonn returasfalt på gnr. 65 bnr. 1. Det blei opprinneleg søkt om inntil 50 000 tonn, men etter at søknaden var innsendt, har Veidekke Industri AS meldt frå om at verksemda har behov for ei mindre årleg mengde med returasfalt enn det som står i søknaden.

Publisert 17.07.2017

Søknadsdokumenta kan ein lese via lenkene til høgre, og dei er lagt ut på servicetorget i Rauma kommune.

Vi ber om at eventuelle merknader blir sendt til Fylkesmannen i Møre og Romsdal, Postboks 2520, 6404 Molde innan 28.08.17.

Høyringsfrist:
28. august 2017 23:00