Søknad om løyve til mottak og mellomlagring av returasfalt i Herøy

Høyringsfrist:
14. oktober 2016 23:00

Moldskred Renovasjon AS søker om løyve etter forureiningslova til å ta imot og mellomlagre brukt asfalt på verksemda sitt område i Dragsund i Herøy kommune. Verksemda har frå før eit løyve til mottak og mellomlagring av farleg avfall på det same området. Moldskred Renovasjon AS søker no om å få ta imot og mellomlagre inntil 1000 tonn asfalt årleg på gnr. 45 bnr. 172.

Publisert 16.09.2016

Søknadsdokumenta kan lesast via lenkene til høgre, og dei er lagt ut på servicetorget i Herøy kommune.

Vi ber om at eventuelle merknader blir sendt til Fylkesmannen i Møre og Romsdal, Postboks 2520, 6404 Molde innan 14.10.16.

Høyringsfrist:
14. oktober 2016 23:00